[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 22, 1999 Aksjestatistikk, 1997:

Aksjestatistikk, 1997:

Auke i avsett aksjeutbytte


Norske aksjeselskap avsette til saman 54,4 milliardar kroner i aksjeutbytte i 1997. Dette er ein auke på 15,7 milliardar frå året før. I perioden 1994 til 1997 er avsett aksjeutbytte meir en dobla. Auken er størst blant ikkje-børsnoterte selskap.

Ikkje-børsnoterte selskap avsette til saman 43,7 milliardar kroner i 1997, eller vel 14,4 milliardar meir enn i 1996. Dei børsnoterte selskapa avsette til samanlikning 10,7 mil-liardar kroner, ein auke på 1,2 milliardar frå året før.

Næring

Heile 13,5 milliardar kroner, eller 25 prosent av samla avsett aksjeutbytte, er avsett av selskap i forretningsmessig tenesteyting og eigedomsdrift. Til samanlikning vart det avsett 12,1 milliardar kroner av selskap i olje- og gassutvinning, 8,5 milliardar i industrien og 6,6 mil-liardar i varehandel, hotell og restaurantverksemd.

Ikkje-børsnoterte aksjar

Reglane for fastsetjing av likningsverdi for ikkje-børsnoterte aksjar vart endra frå og med 1997. Verdien vert sett til 65 prosent av aksjeselskapet sin samla skattemessige formuesverdi. Tidlegare år var denne satsen 30 prosent. Den samla likningsverdien for ikkje-børsnoterte selskap auka frå 156 milliardar kroner i 1996 til 390 milliardar kroner i 1997. Avsett aksjeutbytte utgjer 11 prosent av likningsverdien for ikkje-børsnoterte selskap i 1997, mot 19 prosent året før.

Børsnoterte aksjar

Marknadsverdien for børsnoterte aksjar var på 490 milliardar kroner ved utgangen av 1997, ein auke på 34 prosent siste året. For dei børsnoterte selskapa utgjorde avsett aksjeutbytte om lag 2 prosent av samla marknadsverdi dei to siste åra.

Om statistikken

Statistikken byggjer på Skattedirektoratet sine register over pårekna verdi, likningsverdiar og avsett aksjeutbytte for norske aksjeselskap. Opplysningar om børsnoterte selskap vert henta inn frå Oslo Børs.

Ikkje-børsnoterte aksjar er førte opp med likningsverdiar. Fram til og med 1996 utgjorde likningsverdien 30 prosent av aksjeselskapet sin samla skattemessige formuesverdi. For 1997 er satsen endra til 65 prosent (jamfør selskapsskattelova §2-2, punkt 2). Verdien av børsnoterte aksjar er basert på opplysningar frå Oslo Børs og gir marknadsverdien ved slutten av året.

[Figur 4]

Figur 4: Avsett aksjeutbytte. 1994-1997. Millionar kroner


Korrigerte tal

Statistisk sentralbyrå sitt tal for avsett aksjeutbytte for ikkje-børsnoterte selskap 1996 publisert i Ukens statistikk nr. 22/98 er her korrigert. Avsett aksjeutbytte for ikkje-børsnoterte selskap er endra frå 38 965 millionar til 29 278 millionar kroner med bakgrunn i nye opplysningar.

Ny statistikk
Aksjestatistikk, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Sigrun.Kristoffersen@ssb.no, tlf. 62 88 51 85, eller Per.Morten.Holt@ssb.no, tlf. 62 88 53 21.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 22, 1999 [an error occurred while processing this directive]