[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 19, 1999 Konsumprisindeksen, per 15

Konsumprisindeksen, per 15. april 1999:

Dyrare bilhald


Konsumprisindeksen viste ein oppgang på 0,3 prosent frå mars til april 1999. 12-månadersveksten i april auka til 2,5 prosent, mot 2,3 prosent i mars. Prisauke på bensin og klede er viktige faktorar bak auken i 12-månadersveksten.

Auka utgifter til drift og vedlikehald av transportmiddel er ein av dei største bidragsytarane til 12-månadersveksten i april. Bensinprisane har dei siste 12 månadene stige med 4,6 prosent, ein kraftig auke frå mars. Den sterke auken i veksten frå mars kjem av ein nedgang på nesten 2 prosent frå mars til april i fjor, medan oppgangen i same periode i år har vore på over 3 prosent. Oppgang i prisane på råolje kan forklara noko av auken i bensinprisane siste månad. I tillegg har det vore ein samla prisauke på verkstadreparasjonar, reservedelar og vedlikehald på rundt 5 prosent. Isolert sett står gruppa drift og vedlikehald av transportmiddel for nesten ein femtedel av det totale bidraget til 12-månadersveksten. Kjøp av bil har blitt 1 prosent dyrare dei 12 siste månadene.

Prisane på klede har i år hatt ein oppgang etter vintersalet som kom noko seinare enn i fjor. Medan det meste av prisoppgangen i fjor kom frå februar til mars, kom det meste av oppgangen i år frå mars til april. Prisane på klede gjekk opp med 2,9 prosent frå mars til april, men dei ligg framleis 0,6 prosent under fjorårsnivået.

Matvareprisane steig siste månad

Også matvarer medverka til konsumprisauken frå mars til april. Matvareprisane steig samla sett med 0,5 prosent siste månad. Hovudårsaka var ein sesongmessig prisauke på grønsaker, og det var spesielt gulrøter, tomatar og løk som viste oppgang. Matvareprisane var i april 3,6 prosent høgare i år enn på same tid i fjor.

Ein reduksjon i prisane på elektrisk kraft, inkludert nettleige og avgifter, på rundt 4 prosent medverka til å dempe prisauken. I tillegg viste teletakstane ein nedgang på vel 6 prosent. Konkurransen i telemarknaden medfører at det stadig blir rimelegare å ringje, medan abonnementsprisen aukar.

Harmonisert konsumprisindeks

Dei harmoniserte konsumprisindeksane for EØS-området hadde ein auke frå februar til mars i alle land, bortsett frå Austerrike der det ikkje har skjedd noko endring. Hellas hadde høgast auke frå februar til mars med 2,5 prosent. Prisveksten i heile EØS-området er framleis låg. Frå februar til mars steig prisane med 0,3 prosent og frå mars i fjor med 1,2 prosent.

EØS-området hadde størst prisauke innanfor konsumgruppa utdanning med ein vekst på 4,0 prosent siste 12 månader. Sverige hadde den sterkaste veksten med 8,6 prosent. For april var den norske harmoniserte indeksen 106,8 (1996=100), ein auke på 0,3 prosent frå mars i år og 2,2 prosent frå april i fjor.

Om statistikken

Konsumprisindeksen sitt prismateriale er faktiske utsalsprisar per den 15. i månaden. For perioden august 1998 til juli 1999 byggjer vektgrunnlaget på forbrukarundersøkingane for 1995, 1996 og 1997.

Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er eit utval på om lag 900 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytingar - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen blir henta inn frå eit utval på om lag 2 200 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

Ny statistikk
Konsumprisindeksen, per 15. april 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Frode.Bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27, eller Randi.Johannessen@ssb.no, tlf. 22 45 47 30.

Tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 19, 1999 [an error occurred while processing this directive]