[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 18, 1999

Inntekts- og formuesundersøkinga for hushald, 1997:

Størst inntektsvekst for småbarnsfamiliane


Par med barn under sju år er den hushaldstypen som har hatt den sterkaste inntektsveks-ten på 1990-talllet. Mellom 1993 og 1997 auka hushaldsinntekta etter skatt med nærare 43 000 kroner for denne gruppa. I gjennomsnitt hadde denne gruppa ei inntekt etter skatt på 369 700 kroner i 1997.

Også i eit lengre perspektiv har småbarnsfamiliane hatt ei god inntektsutvikling. Mellom 1986 og 1997 hadde denne hushaldstypen ein realvekst i inntekt etter skatt på 26 prosent. Det var berre par utan barn, og der eldste person er mellom 45 og 64 år som i same tidsrom hadde ein like sterk inntektsauke som småbarnsfamiliane. Det er først og fremst sterk vekst i yrkesinntektene (løn og næringsinntekt) som forklarer inntektsauken til barnefamiliane. Det har òg blitt meir vanleg at begge foreldrene er yrkestilknytte i perioden 1986 til 1997. I 1986 hadde om lag halvparten (53 prosent) av alle småbarnsfamiliane to foreldre som var yrkestilknytte. I 1997, året før innføringa av kontantstøtta, var tilsvarande tal 69 prosent.

Mest alle hushaldstypar hadde realvekst i inntektene frå 1996 til 1997. Dette gjaldt likevel ikkje for yngre einslege. Einslege under 45 år hadde i 1997 ei gjennomsnittsinntekt etter skatt som låg noko under nivået frå året før. Det er også denne hushaldstypen som har hatt den dårlegaste inntektsutviklinga sidan 1986. Så seint som i 1997 hadde yngre einslege ei lågare hushaldsinntekt etter skatt enn det same gruppa hadde i 1986. Ein del av forklaringa på dette er at det er mange i denne gruppa som er under utdanning, og at det har blitt fleire studentar på 1990-talet.

I 1997 hadde 5 prosent av alle hushalda ei inntekt etter skatt på over 500 000 kroner, medan det var 17 prosent av hushalda som hadde under 100 000 kroner i inntekt. For hushalda med dei lågaste inntektene var det pensjonar og stønader som var den viktigaste inntektskjelda, medan hushald med inntekter nær gjennomsnittet hadde lønsinntekt som var den viktigaste inntekta. For dei hushalda med høgast inntekt etter skatt (500 000 kroner eller meir) kom ein stor del (22 prosent) av samla hushaldsinntekt i form av kapitalinntekter, og særleg då aksjeutbytte og aksjevinstar.

Rekordlåge renteutgifter i 1997

Rentenivået var svært lågt i 1997, og dette gjorde sitt til at renteutgiftene var små for dei fleste hushalda. Par med småbarn har tradisjonelt vore den hushaldstypen som har hatt dei tyngste renteutgiftene på grunn av høg lånegjeld. Sjølv om gjelda auka i 1997 til heile 669 000 kroner i gjennomsnitt, var renteutgiftene likevel så låge at dei berre utgjorde 7 prosent av samla hushaldsinntekt. Går ein tilbake til 1993 var tilsvarande tal 14 prosent, medan renteutgiftene tilbake i 1988 utgjorde heile 22 prosent av småbarnsfami-lien si samla inntekt. I gjennomsnitt hadde par med småbarn renteutgifter på 35 400 kroner i 1997, medan gjennomsnittet for alle hushalda var på 17 200 kroner.

Skeivare fordeling av finansformuen

Hushalda sin finansformue består av bankinnskot, aksjar og ulike verdipapir. I gjennomsnitt hadde norske hushald 235 000 kroner i finansformue i 1997. Dette var 18 000 kroner meir enn året før. Det var særleg ein sterk auke i aksjeformuen som forklarer denne formuesauken. I gjennomsnitt hadde norske hushald 54 000 kroner i aksjar i 1997.

Fordelinga av finansformuen er svært ujamn, og skilnadene har også blitt større utover på 1990-talet. I 1997 disponerte til dømes den tidelen hushald med høgast finansformue 62 prosent av all finansformue. Ti år tidlegare var tilsvarande tal 49 prosent. I gjennomsnitt hadde den rikaste tidelen ein finansformue på 1 466 000 kroner i 1997.

Om statistikken

Inntekts- og formuesstatistikken 1997 er basert på eit landsomfattande utval på om lag 15 000 hushald.

Grunnlaget for statistikken er opplysningar om inntekter og formue henta frå skattelikninga. Storleiken på beløpa er såleis bestemt av skattereglar og likningspraksis, slik at det òg i formuesstatistikken er likningsverdiar som ligg til grunn for fastsetjing av real- og aksjekapitalen. Dette fører til at dei registrerte formuestala er for låge.

I tillegg til opplysningar frå skattelikninga har vi og fått tilgang til ein del skattefrie inntekter som hushalda mottar, til dømes bustønad, stipend, barnetrygd, grunn- og hjelpestønad og sosialhjelp.

[Figur 3]

Figur 3: Realvekst i inntekt, etter skatt for ulike hushaldstypar. 1986-1997. Prosent


Ny statistikk
Inntekts- og formuesundersøkinga for hushald, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Vidar.Pedersen@ssb.no, tlf. 62 88 52 51, eller Jon.Epland@ssb.no, tlf. 62 88 52 37.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 18, 1999 [an error occurred while processing this directive]