[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 16, 1999 Lønnsstatistikk

Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og anleggsverksemd. Verksemder tilslutta Næringslivets Hovedorganisasjon , 4. kvartal 1998:

Stor auke i timefortenesta


Gjennomsnittleg timeforteneste for mannlege arbeidarar i privat byggje- og anleggsverksemd var på 140,55 kroner i 4. kvartal 1998, mot 129,38 kroner i same kvartal året før. Dette er ein auke på 8,6 prosent. Ser ein på gjennomsnittleg timeforteneste over året, har denne auka med 7,1 prosent frå 1997 til 1998.

Mannlege arbeidarar i byggjeverksemd hadde ei gjennomsnittleg timeforteneste på 135,94 kroner i 4. kvartal 1998 mot sine mannlege kollegaer i anleggsverksemd med 175,44 kroner. Dette svarar til ein vekst frå same kvartal året før på 7,8 og 10,1 prosent.

I industrien var gjennomsnittleg timeforteneste 129,52 kroner i 4. kvartal 1998. Dette er ein auke på 7,6 prosent frå same kvartal i 1997. Over året var veksten på 5,6 prosent frå 1997 til 1998. Dei mannlege arbeidarane i industrien hadde ei timeforteneste på 132,25 kroner, medan kvinnene hadde 116,84 kroner i gjennomsnitt.

Siste publisering

Dette er siste utgåve av denne statistikken. Frå og med neste kvartal vert det utarbeidd ny statistikk på området. Denne statistikken vil vere sterkt forankra i den nye strukturstatistikken for løn med tal frå 1997 og 1998.

Om statistikken

Statistikken byggjer på oppgåver frå verksemder som er medlemmer i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Timefortenesta omfattar tidløn, akkord og betaling for overtid. Alle tala i statistikken inkluderer eventuelle etterbetalingar. Offshore-arbeidarar er med i statistikken.

Ny statistikk
Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og anleggsverksemd. Verksemder tilslutta Næringslivets Hovedorganisasjon, 4. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk, men dette er siste utgåve av statistikken. Fleire tabellar finst på Internett på adressa: http://www.ssb.no/maanedshefte/emne06.shtml. Meir informasjon: Aud.Anna.Tonder@ssb.no, tlf. 62 88 51 81, eller Knut.Hakon.Grini@ssb.no, tlf. 62 88 54 44.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 16, 1999 [an error occurred while processing this directive]