[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13-14, 1999 Inntektsstatistikk

Inntektsstatistikk. Folketrygdpensjonistar, 1997:

Låg inntektsvekst for alderspensjonistane


Gjennomsnittleg bruttoinntekt for alderspensjonistar auka med 8 600 kroner målt i faste prisar frå 1993 til 1997, eller med 7,2 prosent. Til samanlikning auka bruttoinntekta for gruppa tilsette med 21 500 kroner i perioden, eller med 9,2 prosent. Reduserte renteinntekter er viktigaste årsak til at alderspensjonistane hadde svakare inntektsauke enn yrkesaktive.

I bruttoinntekta inngår ikkje skattefrie overføringar som bustøtte og sosialhjelp. Alderspensjonistar hadde ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 128 000 kroner i 1997, uførepensjonistar 130 100 kroner og attlevande pensjonistar 204 300 kroner. Uførepensjonistane har hatt ein vekst i bruttoinntekta på 9 400 kroner frå 1993, eller 7,8 prosent, medan gruppa attlevande pensjonistar hadde 12 000 kroner, eller 6,3 prosent meir i 1997 enn tilfellet var i 1993.

Ser ein på bruttoinntekta for alle busette personar 17 år og eldre i 1997 var den på 191 100 kroner, noko som er 21 300 kroner eller 12,6 prosent meir enn i 1993.

Bruttoinntekta til alderspensjonistane utgjorde 67 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for alle vaksne personar i 1997, mot 70 prosent i 1993. For uførepensjonistane vart den same prosentdelen redusert frå 71 til 68 prosent. Attlevande pensjonistar hadde derimot i 1993 ei bruttoinntekt 13,2 prosent over det som var gjennomsnittleg bruttoinntekt for alle vaksne personar. I femårsperioden vart denne differansen redusert til 6,9 prosent. Attlevande pensjonistar utgjer berre ein liten del av alle folketrygdpensjonistane, nær 29 300 personar.

Renteinntektene halvert

Eit lågt rentenivå vert til vanleg vurdert som positivt for økonomien, til så vel næringslivet som "folk flest". Men dette biletet gjeld ikkje for pensjonistane, særleg ikkje for alders-penjonistane. For dei er det vanlegare å ha pengar på bok enn å ha høg gjeld. Dei låge rentene i åra 1993 til 1997 har difor vore ei viktig årsak til at dei har hatt ei dårlegare inntektsutvikling enn andre. Alderspensjonistane hadde i 1997 gjennomsnittlege renteinntekter på 5 600 kroner. Målt i faste prisar var dette 6 300 kroner, eller 53 prosent lågare enn i 1993. Medan renteinntektene representerte nær 10 prosent av alderspensjonistane si gjennomsnittlege bruttoinntekt i 1993, utgjorde dei berre 4,4 prosent i 1997. Uførepensjonistane fekk i same periode redusert renteinntektene sine med 3 200 kroner, som vil seie 56 prosent, medan nedgangen for attlevande pensjonistar var på nær 7 300 kroner eller 54 prosent.

Store skilnader pensjonistane imellom

Innanfor dei ulike pensjonistgrupper er det framleis store skilnader i inntektsnivået målt med skattepliktig bruttoinntekt og utan å ta omsyn til skattefrie overføringar, særleg blant alderspensjonistane. Dette kjem klårast til syne når ein samanliknar kvinner og menn. I 1997 hadde kvinnelege alderspensjonistar ei gjennomsnittleg bruttoinntekt som utgjorde 61 prosent av mennene si inntekt. Fem år tidlegare var tilsvarande tal 62 prosent. For uførepensjonistane har derimot skilnaden blitt noko mindre. Kvinnene i denne kategorien hadde i 1997 ei inntekt som utgjorde 74 prosent av mennene sitt nivå, mot 72 prosent i 1993. Jamnast er fordelinga mellom kjønna i gruppa attlevande pensjonistar. Her hadde kvinnene i 1997 ei bruttoinntekt på heile 96 prosent av mennene sitt nivå. I 1993 var tilsvarande tal 95 prosent.

Alder er ein annan faktor som speler inn. Dei yngste alderspensjonistane, dei mellom 67-74 år, hadde i 1997 ei bruttoinntekt som var 18 900 kroner høgare enn dei i aldersgruppa 75-79 år, nær 34 600 kroner meir enn 80-89-åringane, og 47 900 kroner meir enn pensjonistar som var 90 år eller eldre. Dess høgare alder, dess lågare er altså inntektsnivået. Resultatet heng saman med at yngre pensjonistar i større grad har opparbeidd seg rett til pensjonsytingar i tillegg til folketrygda.

Pensjonistar med tenestepensjon har i gjennomsnitt mykje høgare inntekter enn pensjonistar utan slike inntekter. 348 300 alderspensjonistar (57 prosent) mottok tenestepensjon i 1997, om lag 29 400 fleire enn i 1993. Dei alderspensjonistane som ikkje hadde slike tilleggsytingar, hadde i snitt ei bruttoinntekt på 85 700 kroner; det vil seie 54 prosent av bruttoinntekta til dei med tenestepensjon.

For uførepensjonistar og attlevande pensjonistar er ikkje tenestepensjonen like avgjerande for inntektsnivået. Blant uførepensjonistane er eit fleirtal utan slike ytingar, med ei bruttoinntekt på 66 prosent av det uførepensjonistane med tenestepensjon hadde. For gruppa attlevande pensjonistar utan tenestepensjon var det tilsvarande talet 73 prosent.

Om statistikken

Statistikken byggjer på opplysningar om inntekt, frådrag i inntekt, formue og gjeld frå Skattedirektoratet sitt system for Datastøtta handsaming av sjølvmeldingar (DSB), etter at likninga er lagt fram. Einingane i statistikken er personar som etter Rikstrygdeverket er mottakarar av alderspensjon, uførepensjon eller attlevande pensjon frå folketrygda per 31. desember 1997, og som er busette i landet. Nokre av dei kan ha vore yrkesaktive delar av året. Befolkninga som inngår i statistikken er alle busette folketrygdpensjonistar (883 100 personar), når ein ser bort frå etterlatne familiepleiarar og barnepensjonistar. Til samanlikning blir det òg gjeve tal for alle busette personar 17 år og eldre, etter sosioøkonomisk status. Sosioøkonomisk status blir fastsett utifrå kva type inntekt som er størst. For personar som er grupperte som tilsette vil til dømes største inntektskjelde vere løn, medan næringsdrivande vil ha næringsinntekt som største inntektskjelde. Statistikken gjev opplysningar om inntekter og frådrag som er henta frå skattelikninga. Storleiken på beløpa vil difor vere bestemt av gjeldande skattereglar og likningspraksis. Skattefrie inntekter kjem ikkje med i statistikken.

[Figur 6]

Figur 6: Renteinntektene i prosent av bruttoinntekta, etter pensjonsstatus og sosioøkonomisk status. 1993 og 1997


Ny statistikk
Inntektsstatistikk. Folketrygdpensjonistar, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Ingunn.Helde@ssb.no, tlf. 62 88 51 83, eller Grethe.Sparby@ssb.no, tlf. 62 88 52 41.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 13-14, 1999 [an error occurred while processing this directive]