[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 5, 1999

Jordbruksareal og husdyr, per 31. juli 1998. Førebelse tal:

Auka kornareal


Arealet av korn viste for fyrs-te gong sidan 1991 ein auke. Kornarealet på 3,36 millionar dekar i 1998 er 1 prosent større enn året før.
Det totale jordbruksarealet i drift auka med knapt 1 prosent til 10,5 millionar dekar. Arealet av eng utgjorde 61 prosent av jordbruksarealet i 1998, medan kornarealet utgjorde 32 prosent. Eng til slått og beite auka med vel 83 000 dekar til 6,33 millionar dekar i 1998.

Eng og innmarksbeite
Det er særleg overflatedyrka eng og innmarksbeite (tidlegare gjødsla beite) som aukar, frå 1,36 millionar dekar i 1997 til 1,43 millionar dekar i 1998. Auken må sjåast i samanheng med ein mindre endring i definisjonen av innmarksbeite.

Arealet av kveite auka siste året med 16 prosent til 688 100 dekar, medan arealet av bygg og havre gjekk ned. Rugkveite, som ikkje er talfesta tidlegare, utgjorde 35 500 dekar. Dette er om lag det same som rugarealet. Oljevekstarealet minkar stadig, og utgjorde 64 900 dekar i 1998. Potetarealet gjekk ned med knapt 10 prosent til 164 100 dekar.

Auke i talet på kyr
Talet på kyr i alt har auka jamt frå 336 200 i 1993 til 347 200 i 1998. Det er imidlertid talet på ammekyr som aukar, medan talet på mjølkekyr går ned. Bruk med ku har gått ned med om lag 2 000 einingar frå 1991 til 27 400 bruk i 1998. Det blir stadig færre små buskapar, medan talet på store buskapar aukar.

Talet på mjølkegeit var 55 100 i 1998. Dette er ein nedgang på 12prosent sidan 1991. I same tidsrom har nedgangen i talet på bruk med mjølkegeit vore 25 prosent. Det var i 1998 864 bruk med mjølkegeit.

Talet på slaktedyr minkar
Talet på slaktesvin påsett i perioden 1. januar til 31. juli 1998 var 748500, ein nedgang på 2 prosent i høve til same periode året før. Vi-dare blei det i same perioden regist-rert ein nedgang i påsette slaktekyllingar på 3,6 prosent.

Om statistikken
Statistikken er basert på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstilskott i jordbruket per 31. juli og utrekna tillegg for brukarar som ikkje søkte. Registeret over produksjonstilskott blir administrert av Statens Kornforretning.

Ny statistikk
Jordbruksareal og husdyr, per 31.juli 1998. Førebelse tal.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Regionalstatistikk. Meir informasjon og e-post: Ragnhild.Langbakk@ssb.no, tlf. 62 88 51 86 eller Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 5, 1999 [an error occurred while processing this directive]