[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 3, 1999

Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og byggje- og anleggsverksemd. Verksemder knytte til Næringslivets Hovedorganisasjon, 3. kvartal 1998:

Stor auke i timefortenesta


Den gjennomsnittlege timefortenesta for mannlege arbeidarar i privat byggje- og anleggsverksemd var på 137,76 kroner i 3. kvartal 1998, mot 126,88 kroner i same kvartal året før. Dette er ein auke på heile 8,6 prosent. Tar ein omsyn til relativt store etterbetalingar frå 2.kvartal vert auken 7,5 prosent.

Mannlege arbeidarar i byggjeverksemd hadde ein gjennomsnittleg timeforteneste på 134,09 kroner i 3.kvartal, og mannlege arbeidarar i anleggsverksemd 168,13 kroner.

I industrien var gjennomsnittleg timeforteneste 127,83 kroner 3. kvartal 1998. Dette er ein auke på 6,8 prosent frå same kvartal i 1997. Når ein tar omsyn til at det også her var relativt store etterbetalingar frå 2.kvartal, vert auken frå samme periode året før på 5,9 prosent.

Dei mannlege arbeidarane i industrien hadde ei timeforteneste på 130,63kroner, medan kvinnene hadde 114,82 kroner i gjennomsnitt.

Om statistikken
Statistikken byggjer på oppgåver frå verksemder som er medlemmer i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Timefortenesta omfattar tidlønn, akkord og betaling for overtid. Offshorearbeidarar er med i statistikken. Alle tala i statistikken inkluderer eventuelle etterbetalingar. Etterbetalingane var større i 3. kvartal 1998 enn i tilsvarande periode året før, men det er teke omsyn til etterbetalingane begge åra ved justering av prosentsatsane. Effekten av etterbetalingar (seine oppgjer eller vedtak om lønnstillegg) i timefortenesta frå 2. kvartal er rekna ut av NHO.

Ny statistikk
Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og byggje- og anleggsverksemd. Verksemder knyta til Næringslivets Hovedorganisasjon, 3. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon: Aud.Anna.Tonder@ssb.no, tlf. 62 88 51 81, eller Knut.Hakon.Grini@ssb.no, tlf. 62 88 54 44.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 3, 1999 [an error occurred while processing this directive]