[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 51, 1998

Kontrollerte slakt, 1.-3. kvartal 1998. Førebels tal:

Produksjon av kjøt har gått ned


Det vart kontrollert 182 100 tonn slakt dei tre første kvartala i 1998. Dette er ein nedgang på 1 300 tonn eller 0,7 prosent frå same periode i fjor. Nedgangen var størst på ku med 200 tonn, kalv med 150 tonn og fjørfe med 2 800 tonn.
Sidan 1994 har mengda av kontrollerte slakt auka med 15 900 tonn, eller 9,6 prosent, frå 166 200 til 182 100 tonn. Svinekjøt har auka med 10 000 tonn, kvige/okse med 3 200 tonn og fjørfe med 4 600 tonn.

For dei andre dyreslaga har det vore nedgang i slaktemengda i denne perioden.

1.-3. kvartal 1998 blei det kontrollert 77 000 tonn svinekjøt, 69 600 tonn storfekjøt og 22 900 tonn fjørfekjøt.

Slakt av kvige- og oksekjøt auka med 1 000 tonn, eller 2,3 prosent samanlikna med same periode i 1997. Slakt av sau auka med 900 tonn eller 8,8 prosent.

Om statistikken
Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri og andre via Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret blir administrert av Landbruksdepartementet.

Ny statistikk
Kontrollerte slakt, 1.-3. kvartal 1998. Førebels tal.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjorg.Andreassen@ssb.no, tlf. 62 88 52 36, eller Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 51, 1998 [an error occurred while processing this directive]