[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, november 1998:

Størst endring for bustadblokker


Frå november i fjor til november i år steig dei totale byggjekostnadene med 4,1 prosent for bustadblokker.
Byggjekostnadene for rekkjehus steig med 3,9 prosent frå november 1997 til november 1998. I same periode steig byggjekostnadene for einebustader med 3,6 prosent.

Dei totale materialkostnadene auka med 2,7 prosent for bustadblokker, og 2,2 prosent for einebustader og rekkjehus.

Den delindeksen som steig mest frå november 1997 til november 1998 var delindeksen for elektrikararbeid. Då auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med om lag 6,5 prosent, medan dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid steig med 5,9 prosent.

Frå oktober til november i år var det ingen endringar i dei totale byggje- og materialkostnadene.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert òg kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sette i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, november 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ase.Wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 50, 1998 [an error occurred while processing this directive]