[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 48, 1998

Arbeidsløyse blant innvandrarar, 3. kvartal 1998:

Ein av tre på tiltak er innvandrar


Talet på innvandrarar på tiltak gjekk ned 19,8 prosent frå august i fjor til august i år, medan det for heile folket var ein nedgang på 34,3 prosent. Delen innvandrarar av alle som var på arbeidsmarknadstiltak auka difor frå 28,3 til 34,5 prosent siste året. Tala må sjåast i samanheng med at innvand-rarane framleis har om lag tre gonger så høg arbeidsløyse som heile folket.
Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 819 personar frå august i fjor til august i år. Til samanlikning gjekk talet på tiltakdeltakarar for heile folket ned med 5 016 personar eller 34,3 prosent. Størst nedgang var det for innvandrarane frå Aust-Europa. Statistikken omfattar berre førstegenerasjonsinnvandrarar.

Arbeidsløyse på 7,7 prosent
Den registrerte arbeidsløysa for førs-tegenerasjonsinnvandrarar gjekk ned frå 10,8 prosent i august i fjor til 7,7prosent i august i år. Til samanlikning gjekk arbeidsløysa for heile folket ned frå 3,5 til 2,6 prosent. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Afrika.

Ved utgangen av august i 1998 var det registrert 9 012 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar. Det er ein nedgang på 2 596 personar frå same kvartal i fjor. Den registrerte arbeidsløysa gjekk ned for alle innvandrargruppene og særleg for dei ikkje-vestlege innvandrarane. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Afrika med 6,1 prosentpoeng og innvand-rarane frå Aust-Europa med 5,5 prosentpoeng. Likevel har desse om lag fem gonger så høg arbeidsløyseprosent som heile folket. Arbeidsløysa til vestlege innvandrarar gjekk berre ned med 0,9 prosentpoeng. Til gjengjeld har dei no berre eit tidels prosentpoeng høgare arbeidsløyseprosent enn folket generelt.

Størst nedgang for menn frå Afrika
Arbeidsløyseprosenten for mannlege innvandrarar gjekk ned med 3,4 prosentpoeng frå august i 1997 til august i år, medan han for menn generelt gjekk ned med 1 prosentpoeng. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde mannlege innvandrarar frå Afrika med 6,6 prosent-poeng og mannlege innvandrarar frå Aust-Europa med 5,1 prosentpoeng. I same periode gjekk arbeidsløyseprosenten for mannlege innvandrarar frå Sør- og Mellom-Amerika ned med 4,8 prosentpoeng. Dette er mykje i og med at dei i utgangspunktet hadde den lågaste arbeidsløyseprosenten blant ikkje-vestlege innvandrarar. For kvinnelege innvandrarar gjekk arbeidsløyseprosenten ned frå 10,5 i august 1997 til 7,9 i august i år. Til samanlikning gjekk arbeidsløyseprosenten for alle kvinner ned frå 3,7 i august 1997 til 2,9 i august i år. Nedgangen i arbeidsløyseprosenten var størst for dei kvinnelege innvandrarane frå Aust-Europa med 5,9 prosentpoeng.

Lågast arbeidsløyse i Bærum, høgast i Trondheim
Statistisk sentralbyrå reknar òg ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarane i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. For heile landet var 9,8 prosent av alle ikkje-vestlege innvandrarar i alderen 16-74 år registrert anten som arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i august i år. Tilsvarande tal for alle busette personar var 2,2 prosent. Om ein tek utgangspunkt i kommunar der det bur minst 2 000 ikkje-vestlege innvandrarar i alderen 16-74 år, hadde Trondheim det høgaste talet på ikkje-vestlege innvandrarar anten registrerte arbeidslause eller på tiltak i prosent av personar i alt august 1998. Bærum hadde den lågaste bruttoarbeidsløysa (arbeidslause pluss dei på tiltak). Tala var høvesvis 12,6 og 5,4 prosent.

Om statistikken
Innvandrarar er i denne statistikken personar (16-74 år) som er fødde i utlandet av utanlandske foreldre. Ikkje-vestlege innvandrarar omfattar personar frå Aust-Europa, Asia, Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Arbeidsløyse- og tiltakstala byggjer på data frå Arbeidsdirektoratet sitt register over personar som søkjer arbeid ved arbeidskontora.

[Figur 1]

Figur 1: Ikkje-vestlege1 innvandrarar re-gistrerte arbeidslause eller på tiltak i prosent av personar i alt 16-74 år i utvalde kommunar. August 1998


Ny statistikk
Arbeidsløyse blant innvandrarar, 3. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon: Jorn.Ivar.Hamre@ssb.no, tlf. 21 09 49 29, eller Kari.Kraakenes@ssb.no, tlf. 21 09 47 86.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 48, 1998 [an error occurred while processing this directive]