[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 42, 1998

Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og anleggsverksemd. Verksemder tilslutta Næringslivets Hovedorganisasjon, 2. kvartal 1998:

Auka timeforteneste


Den gjennomsnittlege timefortenesta for mannlege arbeidarar i privat byggjeverksemd var 128,76 kroner i 2.kvartal. Dette er ein auke på 6,2 prosent frå same kvartal i fjor.
For mannlege arbeidarar i anleggsverksemd var den gjennomsnittlege timefortenesta 163,91 kroner. Dette er ein auke på 5,7 prosent.

I industrien var gjennomsnittleg timeforteneste 124,53 kroner 2. kvartal 1998. Dette er ein auke på 4,8prosent frå same kvartal i fjor.

Dei mannlege arbeidarane i industrien hadde ei timeforteneste på 127,51 kroner, medan kvinnene hadde 117,39 kroner. Dette gjev ein auke på 4,7 prosent sidan 1. kvartal i fjor for både menn og kvinner

Om statistikken
Statistikken byggjer på oppgåver frå verksemder som er medlemmer i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Timefortenesta omfattar tidlønn, akkord og betaling for overtid. Offshorearbeidarar er med i statistikken.

Ny statistikk
Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og anleggsverksemd. Verksemder tilslutta Næringslivets Hovedorganisasjon, 2. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon: Aud.Anna.Tonder@ssb.no, tlf. 62 88 51 81, eller Knut.Hakon.Grini@ssb.no, tlf. 62 88 54 44.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 42, 1998 [an error occurred while processing this directive]