[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 39, 1998

Arbeidsløyse blant innvandrarar, 2. kvartal 1998:

Nedgang i arbeidsløysa for innvandrarar


Den registrerte arbeidsløysa for førstegenerasjonsinnvandrarar gjekk ned frå 9,8 prosent i mai i fjor til 7,1 prosent i mai i år. Til samanlikning gjekk arbeidsløysa for heile folket ned frå 3,2 til 2,2 prosent. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Aust-Europa og Afrika.
Ved utgangen av mai i år var det registrert 8 128 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar. Det er ein nedgang på 2 301 personar frå same kvartal i fjor. Den registrerte arbeidsløysa gjekk ned for alle innvandrargruppene og særleg for dei ikkje-vestlege innvandrarane. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Aust-Europa, med 5,4 prosentpoeng, og innvandrarane frå Afrika, med 4,8 prosentpoeng. Men det var desse som hadde dei høgaste arbeidsløyseprosentane frå før. Statistikken omfattar førstegenerasjonsinnvandrarar.

Kvar fjerde på tiltak er ein innvandrar
Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 1 059 personar frå mai 1997 til mai i år. Det var nedgang for alle innvandrargruppene. Størst nedgang var det for innvandrarane frå Aust-Europa, Afrika og Asia. I mai i år var 27 prosent av personane på ordinære arbeidsmarknadstiltak innvandrarar, mot 23 prosent i mai i fjor.

Størst nedgang for menn frå Aust-Europa og Afrika
Totalt 7,4 prosent av mannlege innvandrarar i arbeidsstyrken var re-gistrert arbeidslause ved utgangen av mai i år, mot 10,6 prosent året før. For menn generelt gjekk arbeidsløyseprosenten i same periode ned frå 3,2 til 2,2. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde mannlege innvandrarar frå Aust-Europa, med 5,7 prosentpoeng, og mannlege innvandrarar frå Afrika, med 5,5 prosentpoeng. For kvinnelege innvandrarar gjekk arbeidsløyseprosenten ned frå 8,9 i mai 1997 til 6,7 i mai i år. Til samanlikning gjekk arbeidsløyseprosenten for alle kvinner ned frå 3,2 i mai 1997 til 2,3 i mai i år. Nedgangen i arbeidsløyseprosenten var størst for dei kvinnelege innvandrarane frå Aust-Europa, med 5,1prosentpoeng.

Lågast arbeidsløyse i Akershus
Statistisk sentralbyrå reknar òg ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarar i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på registrerte arbeidslause innvandrarar i prosent av alle innvandrarar 16-74 år var ved utgangen av mai i år høgast for dei busette i Sør-Trøndelag og Finnmark og lågast for dei busette i Akershus. Blant dei ikkje-vestlege innvandrarane var denne arbeidsløyseprosenten høgast for dei busette i Hedmark og Nord-Trøndelag.

Blant dei ikkje-vestlege innvandrarane er det dei busette i Nord-Trøndelag og Nordland som har den høgaste prosenten på arbeidsmarknadstiltak i mai 1998. Ikkje-vestlege innvandrarar busette i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oslo hadde lågast tiltaksprosent. Men desse fylka var òg dei med lågast arbeidsløyseprosent.

Om statistikken
Innvandrarar er i denne statistikken personar (16-74 år) som er fødde i utlandet av utanlandske foreldre. Ikkje-vestlege innvandrarar omfattar personar frå Aust-Europa, Asia, Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Arbeidsløyse- og tiltakstala byggjer på data frå Arbeidsdirektoratet sitt register over personar som søkjer arbeid ved arbeidskontora.

[Figur 2]

Figur 2: Registrerte heilt arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken, etter landbakgrunn. Utgangen av mai 1997 og 1998. Prosent


[Figur 3]

Figur 3: Ikkje-vestlege innvandrarar1 registrert arbeidslause eller på arbeidsmarknadstiltak i prosent av personar i alt 16-74 år, etter bustad-fylke. Utgangen av mai 1998


Ny statistikk
Arbeidsløyse blant innvandrarar, 2.kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: jorn.ivar.hamre@ssb.no, tlf. 21 09 49 29, eller kari.kraakenes@ssb.no, tlf. 21 09 47 86.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 39, 1998 [an error occurred while processing this directive]