[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 28-29, 1998

Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og anleggsverksemd, 1. kvartal 1998:

Auka timeforteneste


Ved utgangen av 1. kvartal 1998 var gjennomsnittleg timeforteneste for mannlege arbeidarar i private byggjeverksemder 125,05 kroner. Dette er ein auke på 5,6 prosent frå same kvartal i fjor.
For mannlege arbeidarar i anleggsverksemder, var gjennomsnittleg timeforteneste 159,18 kroner ved utgangen av 1. kvartal i år. Dette er ein auke på 6,6 prosent.

I industrien var gjennomsnittleg timeforteneste 120,24 kroner 1. kvartal 1998, ein auke på 3,2 prosent frå same kvartal i fjor.

Dei mannlege arbeidarane i industrien hadde ei timeforteneste på 122,90 kroner, mens kvinnene hadde 107,50 kroner. Dette gjev ein auke frå 1. kvartal 1997 på 3,2 og 3,1 prosent.
Tabeller

Om statistikken
Statistikken byggjer på oppgåver frå verksemder som er medlemmer i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO). Timefortenesta omfattar tidlønn, akkord og betaling for overtid. Offshorearbeidarar er med i statistikken.

Ny statistikk
Lønnsstatistikk. Timeforteneste i industri og privat byggje- og anleggsverksemd, 1. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: aud.anna.tonder@ssb.no, tlf. 62 88 51 81, eller hakon.grini@ssb.no, tlf. 62 88 54 44.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 28-29, 1998 [an error occurred while processing this directive]