[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1998

Sjølvmeldingsstatistikk for folketrygdpensjonistar, 1996:

Tenestepensjon stadig viktigare


Alderspensjonistane hadde i 1996 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 121 500 kroner. Målt i faste prisar var dette 7 300 kroner, eller 6,4 prosent høgare enn i 1994. Auken i inntekter frå tenestepensjon forklarar mykje av denne inntektsveksten.
I 1996 var det for første gong fleire folketrygdpensjonistar som i tillegg til folketrygda mottok tenestepensjonar og liknande, enn det var pensjonistar utan slike tenestepensjonar.

Talet på pensjonistar som har inntekter frå ulike tenestepensjonsordningar har auka frå 418 500 i 1993 til 443 300 i 1996, ein auke på 5,9 prosent. I same periode blei talet på pensjonistar utan tenestepensjonar redusert frå 454 000 til 433 600, ein nedgang på 4,5 prosent. Skil vi mellom dei ulike pensjonistgruppene er det særleg blant alders- og uførepensjonistane at fleire har krav på tenestepensjonar. Frå 1994 til 1996 auka talet på alderspensjonistar med tenestepensjon med 12 800 personar, medan auken blant uførepensjonistar var på 5 000 personar. Sjølv om ytingar frå folketrygda til dømes utgjer to tredelar av alderspensjonistane si bruttoinntekt og nær 70 prosent av bruttoinntekta for uførepensjonistane, blir tenestepensjon stadig viktigare.

For alderspensjonistane utgjer tenestepensjonar den viktigaste inntekta ved sida av folketrygda. I 1996 utgjorde slike pensjoner 17,1 prosent av bruttoinntekta. Inntektene frå folketrygda, målt i faste prisar, steig med 5,7 prosent frå 1994 til 1996, frå 76 200 til 80 600 kroner. I same periode auka inntektene frå tenestepensjonane med 10,2 prosent, frå 18 900 til 20 800 kroner. Alderspensjonistar utan tenestepensjon hadde i 1996 ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 82 100 kroner, medan alderspensjonistar med tenestepensjon hadde ei bruttoinntekt på 153 200 kroner.

Også for uføre- og attlevandepensjonistar auka inntektene frå tenestepensjonar meir enn folketrygda. Målt i faste prisar, steig ytingane frå folketrygda med høvesvis 3,6 og 0,7 prosent for dei to pensjonistgruppene. Tenestepensjonen auka samstundes med 7,8 prosent, til 10 400 kroner for uførepensjonistane, og med 8,1 prosent, til 22 600 kroner for attlevandepensjonistane.

Blant attlevandepensjonistane var det ein nedgang i talet med tenestepensjonar på om lag 600 personar. Til gjengjeld er inntektsnivået for denne gruppa klart høgare enn for dei andre folketrygdpensjonistane. Dette kjem av at attlevandepensjonistane har lønsinntekt som største inntektskjelde (vel 45 prosent). For denne pensjonistgruppa står samstundes folketrygda berre for 28 prosent av bruttoinntekta.

Tabeller

  • Tabell 1. Sjølvmeldingsrekneskap for folketrygdpensjonistar, etter pensjonsstatus og for alle personar 17 år og over, etter sosioøkonomisk status. Gjennomsnitt for alle. 1996
  • Tabell 2. Sjølvmeldingsrekneskap for folketrygdpensjonistar, etter pensjonsstatus. Andel med beløp på postane. 1994 og 1996
  • Tabell 3. Sjølvmeldingsrekneskap for folketrygdpensjonistar, etter pensjonsstatus og kjønn. Gjennomsnitt for alle i faste priser (1996-kroner). 1994 og 1996
  • Tabell 4. Gjennomsnittleg bruttoinntekt for folketrygdpensjonistar, etter pensjonsstatus og ulike kjennemerker. Gjennomsnitt for alle i faste prisar (1996-kroner) og talet på pensjonistar. 1994 og 1996
  • Tabell 5. Formuesrekneskap. 1996. Gjennomsnittstall for folketrygdpensjonistar med og utan særtillegg (minstepensjonist og ikkje minstepensjonist), etter pensjonsstatus

    Om statistikken
    Einingane i statistikken er personar som ifølgje Rikstrygdeverket er mot-takarar av alders-, uføre- eller attlevandepensjon frå folketrygda per desember 1996, og som er busette i landet. Nokre av dei kan ha vore yrkesaktive delar av året. Befolkninga som inngår i statistikken er alle busette folketrygdpensjonistar (876 900 personar), når ein ser bort frå etterlatne familiepleiarar og barnepensjonistar. Til samanlikning blir det og gitt tal for alle busette personar 17 år og over, etter sosioøkonomisk status. So-sioøkonomisk status blir fastsett ut ifrå kva type inntekt som er størst. For personar som er grupperte som tilsette vil til dømes største inntektskjelde vere løn, medan næringsdrivande vil ha næringsinntekt som største inntektskjelde. Statistikken gjev opplysningar om inntekter og frådrag som er henta frå skattelikninga. Storleiken på beløpa vil difor vere bestemt av gjeldande skattereglar og likningspraksis. Skattefrie inntekter kjem ikkje med i statistikken.

    [Figur 5]

    Figur 5: Folketrygdpensjonistar med og utan tenestepensjon. 1993-1996


    Ny statistikk

    Sjølvmeldingsstatistikk for folketrygdpensjonistar, 1996.
    Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: ingunn.helde@ssb.no, tlf. 62 88 51 83, eller grethe.sparby@ssb.no, tlf. 62 88 52 41.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 23, 1998 [an error occurred while processing this directive]