[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 21, 1998

Arbeidsløyse blant innvandrarar, 1. kvartal 1998:

Færre arbeidslause innvandrarar


Den registrerte arbeidsløysa for førstegenerasjonsinnvandrarar gjekk ned frå 10,5 prosent i februar i fjor til 8,1 prosent i februar i år. Til samanlikning gjekk arbeidsløysa for heile folket ned frå 3,7 til 2,8 prosent i same periode. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Aust-Europa og Afrika.
Ved utgangen av februar i år var det registrert 9 181 arbeidslause førstegenerasjonsinnvandrarar, 1 786 færre personar enn same kvartal i fjor. Dette er ein nedgang på heile 2,4 prosentpoeng i talet på arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken. Til samanlikning gjekk arbeidsløyseprosenten for heile folket ned med 0,9 prosentpoeng.

Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde innvandrarane frå Aust-Europa, med 4,6 prosentpoeng, og innvandrarane frå Afrika, med 3,9 prosentpoeng, men dei hadde dei høgaste arbeidsløyseprosentane frå før. Innvandrarane frå Asia og Sør- og Mellom-Amerika hadde og ein nedgang i arbeidsløyseprosenten på meir enn 3 prosentpoeng. Statistikken omfattar førstegenerasjonsinnvandrarar.

Medan talet på ikkje-vestlege arbeidslause innvandrarar i prosent av arbeidsstyrken er heile 12,3, har dei vestlege innvandrarane berre nokre tidelar høgare arbeidsløyseprosent enn folket generelt.

Færre på arbeidsmarknadstiltak
Talet på innvandrarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 1 468 personar frå februar 1997 til februar i år. Det var nedgang for alle innvandrargruppene. Størst nedgang var det for innvandrarane frå Aust-Europa og Afrika. Innvandrarane utgjer no 25,3 prosent av alle personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak, mot 21,7 prosent for eit år sidan.

Størst nedgang for mannlege innvandrarar
Arbeidsløyseprosenten for mannlege innvandrarar gjekk ned med 2,8 prosentpoeng frå februar 1997 til februar i år, mens han for menn generelt gjekk ned med 1 prosentpoeng. Størst nedgang i arbeidsløyseprosenten hadde mannlege innvandrarar frå Aust-Europa, med 5,2 prosent-poeng, og mannlege innvandrarar frå Afrika, med 4,5 prosentpoeng. For kvinnelege innvandrarar gjekk arbeidsløyseprosenten ned frå 9,1 prosent i februar 1997 til 7,3 prosent i februar i år, det vil seie ein nedgang på 1,8 prosentpoeng. Til sa-manlikning gjekk arbeidsløyseprosenten for alle kvinner ned med 0,9 prosentpoeng. Nedgangen i arbeidsløyseprosenten var størst for dei kvinnelege innvandrarane frå Sør- og Mellom-Amerika, med 4,1 prosentpoeng, og dei kvinnelege innvandrarane frå Aust-Europa, med 4 prosentpoeng.

Lågast arbeidsløyse i Akershus
Statistisk sentralbyrå reknar og ut registrerte arbeidslause i prosent av alle innvandrarar i yrkesaktiv alder (16-74 år) og ikkje berre i prosent av arbeidsstyrken. Talet på registrerte arbeidslause innvandrarar i prosent av innvandrarar i alt, gjekk mest ned for innvandrarane busett i Telemark og Nord-Trøndelag, begge med 2,3 prosentpoeng. Innvandrarane busett i Nord-Trøndelag har samstundes den høgaste arbeidsløysa blant innvandrarane. Lågast arbeidsløyse i februar 1998 i prosent av innvandrarar i yrkesaktiv alder har dei busett i Akershus, med 3 prosent, og dei busett i Aust-Agder, med 4,3 prosent. Arbeidsløyseprosenten for innvandrarar busett i Finnmark og Sogn og Fjordane var om lag uendra frå februar 1997 til februar i år.

Tabeller

  • Tabell 1. Registrerte heilt arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av november 1996, februar 1997, november 1997 og februar 1998
  • Tabell 2. Personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og kjønn. Absolutte tal og i prosent av personar i alt. Utgangen av november 1996, februar 1997, november 1997 og februar 1998
  • Tabell 3. Registrerte arbeidslause og personer på ordinære arbeidsmarknadstiltak i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og talet på år busett i Noreg. I prosent av personar i alt. Utgangen av februar 1997 og 1998
  • Tabell 4. Registrerte arbeidslause i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt. Utgangen av februar 1998
  • Tabell 5. Registrerte på ordinære arbeidsmarknadstiltak i alderen 16-74 år, etter landbakgrunn og bustadfylke. Absolutte tal og i prosent av personar i alt. Utgangen av februar 1998

    Om statistikken
    Innvandrarar er i denne statistikken personar (16-74 år) som er fødde i utlandet av utanlandske foreldre. Ikkje-vestlege innvandrarar omfattar personar frå Aust-Europa, Asia, Tyrkia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika. Arbeidsløyse- og tiltakstala byggjer på data frå Arbeidsdirektoratet sitt register over personar som søkjer arbeid ved arbeidskontora.

    [Figur 1]

    Figur 1: Registrerte arbeidslause i prosent av arbeidsstyrken, etter landbakgrunn. Utgangen av februar 1997 og 1998. Prosent


    Ny statistikk

    Arbeidsløyse blant innvandrarar, 1. kvartal 1998.
    Statistikken kjem ut fire gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: jorn.ivar.hamre@ssb.no, tlf. 21 09 49 29, eller jan.erik.sivertsen@ssb.no,tlf. 21 09 47 82.

    Tabellregister


    Ukens statistikk nr. 21, 1998 [an error occurred while processing this directive]