[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 20, 1998

Produksjonsindeks for industrien, mars 1998:

Vekst i kraftproduksjonen


Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) gjekk opp med 0,8 prosent frå februar til mars 1998, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dette heng saman med ein vekst i kraftproduksjonen.
Produksjonen i industri og bergverksdrift har hatt ein vekst med 0,2 prosent frå februar til mars. Den var då 15,8 prosent større enn tilsvarande månad i 1997, dersom vi samanliknar vekekorrigert statistikk. Når Statistisk sentralbyrå måler produksjonen slik, har ein ikkje teke omsyn til at påska 1997 var i mars, medan påska 1998 var i april. I januar og februar 1998 var produksjonen mellom 4 og 5 prosent høgare enn same månader i 1997.

Tekstil- og kledeindustri, treforedling, og trelast- og trevareindustrien har hatt ei negativ utvikling den siste månaden. Andre næringar som mellom anna metall- og metallvareindustrien og maskin- og transportmiddelindustrien har hatt ei positiv utvikling.

Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 0,1 prosent frå februar til mars. Det har vore ein vekst på 7,5 prosent i kraftproduksjonen den siste månaden.

Tabeller

  • Tabell 01. Produksjonsindeksen. Prosentvis endring

    Om statistikken
    Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

    Ny statistikk

    Produksjonsindeks for industrien, mars 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: kjell.berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19, eller oyvind.naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 20, 1998 [an error occurred while processing this directive]