[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 19, 1998

Arbeidstakarar etter bustad og utdanning, 4. kvartal 1997:

Fleire arbeidstakarar i alle fylka med unntak av Finnmark


Talet på arbeidstakarar auka med 2,6 prosent frå 4. kvartal 1996 til 4. kvartal 1997. Auken svarer til 47 800 arbeidstakarar. Størst auke var det i Østfold med 4,2 prosent, medan Finnmark hadde ein nedgang på 1,5 prosent. Alle andre fylke hadde auke i talet på arbeidstakarar.
Nedgangen i talet på arbeidstakarar i Finnmark skjer samstundes med ei utflytting frå fylket. Tek vi omsyn til dette syner tala at delen av folkemengda som er arbeidstakarar (arbeidstakarprosenten) har auka noko siste år også i Finnmark. For heile landet var det ein auke i arbeidstakarprosenten på 1,3 prosentpoeng. I Finnmark var auken minst med 0,1 prosentpoeng, medan Østfold og Telemark hadde den største auken med 1,9 prosentpoeng.

Størst prosentvis auke i mannlege og kvinnelege arbeidstakarar fant vi i Østfold, med 4,6 og 3,8 prosent. For heile landet var auken 3,1 prosent for menn og 2,1 prosent for kvinner. I alle fylka med unntak av Finnmark, er det blant mannlege arbeidstakarar vi finn den største prosentvise auken.

Finnmark var det einaste fylket med nedgang i talet på arbeidstakarar sist år. Nedgangen var størst blant dei kvinnelege arbeidstakarane. Også i Troms var det ein nedgang i kvinnelege arbeidstakarar. Sogn og Fjordane og Troms var dei fylka med lågast auke i talet på arbeidstakarar, med 0,5 og 0,9 prosent.

Fleire arbeidstakarar under 67 år
For landet under eitt har det vore ein auke i talet på arbeidstakarar i alle aldersgrupper med unntak av dei i alderen 67-74 år. Nordland og Finnmark hadde også nedgang i aldersgruppa 25-39 år, medan Finnmark var det einaste fylket med nedgang i alle aldersgruppene over 40 år. Samtlege fylke hadde ein auke i talet på arbeidstakarar i aldersgruppa 16-19 år, og med unntak av Sogn og Fjordane og Finnmark, hadde alle fylka også ein auke i aldersgruppa 20-24 år.

Vekst frå 1990 til 1997
Frå 1990 til 1997 auka talet på arbeidstakarar med 10,9 prosent. Aust-Agder har hatt den største auken med 18,9 prosent. Deretter følgjer Rogaland og Møre og Romsdal med 17,0 og 13,6 prosent auke. Lågast vekst finn vi i Hedmark med 3,9 prosent. Tala er justerte for at 12 000 sjøfolk kom med i datagrunnlaget frå og med 1992.

Frå 1990 til 1997 har det vore ein auke i talet på kvinnelege arbeidstakarar som arbeider heiltid, det vil seie meir enn 30 timar i veka, i samtlege fylke. Oslo er det fylket som har høgaste delen kvinner som arbeider heiltid med 75,3 prosent, medan Vest-Agder er fylket med lågaste delen med 43,5 prosent. Nord-Trøndelag og Vestfold har dei sju siste åra hatt den største auken i delen kvinner som arbeider heiltid, medan Oslo og Oppland har hatt lågast auke.

For menn har det i same periode vore ein nedgang i delen som arbeider heiltid. Finnmark og Nordland har hatt den største nedgangen i delen mannlege arbeidstakarar som arbeider heiltid, medan Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag har hatt minst nedgang. Den høgaste delen menn som arbeider heiltid finn vi i Møre og Romsdal (90,5 prosent), medan Nord-Trøndelag har lågast del (87,1 prosent).

Fleire med høgare utdanning
Dei siste sju åra har det vore ein sterk auke i gruppa arbeidstakarar med utdanning på universitet- og høgskulenivå. Delen har auka frå 21,7 prosent i 1990 til 27 prosent i 1997. Auken har vore størst i Oslo og Troms og delen arbeidstakarar med utdanning på universitet og høgskule var høgast i Oslo, med 39,7 prosent. Telemark hadde den lågaste auken i delen arbeidstakarar med universitet- og høgskuleutdanning frå 1990 til 1997, medan delen i 1997 er lågast i Oppland, med 21,3 prosent.

Færre med berre grunnskule
I 1990 hadde 20,7 prosent av arbeidstakarane grunnskule som høgaste utdanning jamført med 13 prosent i 1997. Hedmark og Oppland har hatt størst reduksjon i delen arbeidstakarar med grunnskuleutdanning, med 9,7 og 9,8 prosent-poeng. Likevel er det framleis desse fylka som i 1997 har den høgaste delen arbeidstakarar med berre grunnskule, med 17,9 og 16,5 prosent.

Oslo er fylket med minst reduksjon i delen frå 1990 til 1997. Likevel er Oslo det fylket som i 1997 har lågast del arbeidstakarar med grunnskule som høgaste utdanning, med 9,5 prosent.

Tabeller

  • Tabell 1. Befolkning og arbeidstakarar 16-74 år, etter bustadkommune. 4. kvartal 1990, 1996 og 1997
  • Tabell 2. Arbeidstakarar 16-74 år, etter alder og bustadfylke. 4. kvartal 1990, 1996 og 1997
  • Tabell 3. Arbeidstakarar 16-74 år, etter alder og bustadfylke. I prosent av befolkninga. 4. kvartal 1990, 1996 og 1997
  • Tabell 4. Arbeidstakarar 16-74 år, etter alder og bustadfylke. 1990 og 1997. Prosent
  • Tabell 5. Arbeidstakarar 16-74 år, etter alder og bustadfylke. Menn. 1990 og 1997. Prosent
  • Tabell 6. Arbeidstakarar 16-74 år, etter alder og bustadfylke. Kvinner. 1990 og 1997. Prosent
  • Tabell 7. Arbeidstakarar 16-74 år, etter avtalt arbeidstid i hovudarbeidsforholdet, kjønn og bustadfylke. 1990 og 1997. Prosent
  • Tabell 8. Arbeidstakarar 16-74 år, etter alder, bustadfylke og avtalt arbeidstid i hovudarbeidsforholdet. 4. kvartal 1997
  • Tabell 9. Arbeidstakarar 16-74 år, etter kjønn, utdanningas fagfelt og nivå. 4. kvartal 1990, 1996 og 1997
  • Tabell 10. Arbeidstakarar 16-74 år, etter utdanningsnivå, bustadfylke og kjønn. 4. kvartal 1990 og 1997. Prosent

    Om statistikken
    Arbeidstakarstatistikken byggjer i hovudsak på data frå Rikstrygdeverkets arbeidstakar-/arbeidsgjevarregister og Enhetsregisteret.

    Trygdeetaten gjennomførte ikkje den årlege totalkontollen av arbeidstakar-/arbeidsgjevarregisteret i 1996. Erfaringa syner at årskontrollen gjev ein nedgang i talet på arbeidstakarar. Vi trur difor at talet på arbeidstakarar i 1996 er om lag 5 000 for høgt. (Endringstala frå 1996 til 1997 må difor bli justert opp med om lag 10 prosent.) Det vil seie at auken i talet på arbeidstakarar frå 4. kvartal 1996 til 4. kvartal 1997 skulle vore 52 800 og ikkje 47 800. Vi har ikkje eksakt kunnskap om dette og har difor ikkje endra tala i statistikken. Brotet i tidsserien er ikkje så stort at konklusjonane i teksten vert endra.

    [Figur 2]

    Figur 2: Prosentvis endring i arbeidstakarar 16-74 år frå 4. kvartal 1996 til 4. kvartal 1997 og frå 4. kvartal 1990 til 4. kvartal 1997, etter bustadfylke


    Ny statistikk

    Arbeidstakarar etter bustad og utdanning, 4. kvartal 1997.
    Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Den er også tilgjengeleg med kommunetal i Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Meir informasjon og e-post: zeleke.kebede@ssb.no, tlf. 21 09 47 92, eller inge.aukrust@ssb.no, tlf. 21 09 47 81.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 19, 1998 [an error occurred while processing this directive]