[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 12, 1998

Skattestatistikk. Etterskotspliktige, 1996:

Stor skatteauke for olje- og gasselskapa


Utlikna skatt frå selskap som driv utvinning av olje og gass auka med 12 milliardar kroner frå 1995 til 1996. Dette svarer til vel 60 prosent, og er den største auken i sokkelskatten så langt på 1990-tallet.
Den samla utlikna skatten for etterskotspliktige skattytarar var i fjor på 54,7 milliardar kroner. Skatt frå olje- og gassutvinning utgjorde 32,2 milliardar kroner av den totale utlikna skatten. Den sterke veksten i sokkelskatten har samanheng med ein auke i produksjonen og høg dollarkurs. I åra 1990 til 1993 var det nedgang i sokkelskatten, medan det har vore ein vekst dei siste åra.

Låg skattevekst for landbasert verksemd
Utlikna skatt frå etterskotspliktige skattytarar som driv landbasert verksemd syner berre ein svak auke frå 1995 til 1996 på 0,3 milliard kroner, eller 2 prosent. Samla utlikna skatt frå slik verksemd auka frå 22 milliardar kroner i 1995 til 22,3 milliardar i 1996. Dette er ein langt mindre vekst enn i perioden 1991 til 1995, då årleg vekst i samla utlikna skatt var på mellom 14 og 30 prosent.

Innføring av tonnasjeskatt
Frå og med inntektsåret 1996 er det innført tonnasjeskatt. Skipsaksjeselskap som oppfyller vilkåra for å bli likna etter dei nye reglane i skattelova [[section]]51A kan få utlikna tonnasjeskatt. Den nye skatten byggjer på opplysningar om nettotonnasje og talet på dagar det har vore i drift. I 1996 utgjer tonnasjeskatten 16,7 millionar kroner.

Satsane for utlikning av inntektsskatt til kommune, fylke og fellesskatt til Skattefordelingsfondet vart og endra i 1996. Medan inntektsskatten til kommune og fylke utgjorde 8,25 prosent i 1995, er denne endra til 7,25 prosent i 1996. Tilsvarande er satsen for fellesskatt endra frå 19,75 til 20,75 prosent i 1996.

Tabeller

  • Tabell 01. Sum utlikna skatt. 1991-1996. Millionar kroner
  • Tabell 1. Etterskotspliktige skattytarar inklusive sokkelselskap(1). 1991-1996
  • Tabell 2. Etterskotspliktige skattytarar, etter skattytargruppe(1), eksklusive sokkel 2. 1996. Millioner kroner
  • Tabell 3. Etterskotspliktige skattytarar, etter hovudnæring(1), eksklusive sokkel(2). 1996. Millioner kroner

    Om statistikken
    Skattestatistikken for etterskotspliktige skattytarar er basert på opplysningar frå den ordinære skattelikninga for inntektsåret 1996. I teksten og vedleggstabellane er etterskotspliktige skattytarar definerte som selskap som faktisk har fått utlikna skatt for inntektsåret 1996. Fordelinga på næring byggjer på Standard for næringsgruppering (SN94).

    Eigarane/aksjonærane i eit selskap, eventuelt institusjon, foreining eller liknande, må ha avgrensa ansvar for gjelda i selskapet for at selskapet skal bli rekna som etterskotspliktig skattytar. Eigarane/aksjonærane må og ha plikt til å levere Sjølvmelding 2, jamfør kapittel 4 i likningslova.

    [Figur 10]

    Figur 10: Utlikna skatt for etterskotspliktige skattytarar tilknytta land- og sokkelbasert verksemd. 1991-1996. Millionar kroner


    Ny statistikk

    Skattestatistikk. Etterskotspliktige, 1996.
    Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Per Morten Holt, tlf. 62 88 53 21,e-post: per.morten.holt@ssb.no.holt, eller Lena Haugen, tlf. 62 88 54 03, e-post: lena.haugen@ssb.no.haugen.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 12, 1998