[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 12, 1998

Noregs fiskerier, 1997. Førebels tal:

Oppgang i sildefisket


Førebels tal viser at det til saman blei fiska 2,8 millionar tonn i 1997. Dette er 8 prosent meir enn i 1996 og 13 prosent meir enn i 1995. Sildefangstane auka med 155000 tonn frå 1996 til 1997. Dette er ein auke på respektive 20 og 34 prosent meir enn i 1995.
Medrekna skaldyr, skjell og reker var førstehandsverdien av det totale fisket 9 milliardar kroner i 1997, 0,4 milliard kroner meir enn året før.

Fisket viser óg auke i fangstane av torsk, hyse, tobis og hestmakrell, medan det var nedgang i fangstane av sei, lodde, augepål, kolmule og brisling. Tobis hadde størst auke, frå 161000 tonn i 1996 til 351 000 tonn i 1997.

Det er fiska 156 000 tonn lodde ved Island, Vest-Grønland og Jan Mayen i 1997. Dette er om lag 25 prosent mindre enn året før. I Barentshavet har lodda vore freda dei siste åra.

Når det gjeld verdi er torsk det viktigaste fiskeslaget. Medan torsk berre stod for 14 prosent av oppfiska mengd i 1997, skreiv 31 prosent av førstehandsverdien seg frå dette fiskeslaget. Sild utgjorde 32 prosent av fangsten og 17 prosent av førstehandsverdien.

[Figur 5]

Figur 5: Oppfiska kvantum fordelt på fiskeslag. 1997


[Figur 6]

Figur 6: Verdi av fangsten fordelt på fiskeslag. 1997



Tabeller

  • Tabell 01. Mengd av dei viktigaste fiskeslaga. 1995-1997. 1 000 tonn rund vekt
  • Tabell 02. Førstehandsverdi av dei viktigaste fiskeslaga. 1995-1997. Millioner kroner

    Ny statistikk

    Noregs fiskerier, 1997. Førebels tal.
    Statistikken kjem ut kvart halvår i Ukens statistikk, og byggjer på tal frå Fiskeridirektoratet. Meir informasjon: Åse Mobråten, tlf. 62 88 52 31, e-post:ase.mobraten@ssb.no.mobraten, eller Anne Turi Fossheim, tlf. 62 88 52 30, e-post:anne.turi.fossheim@ssb.no.fossheim.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 12, 1998