[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 9, 1998

Kontrollerte slakt, 1997. Førebels tal:

Auken i kjøtproduksjonen heldt fram i 1997


I 1997 kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 253 800 tonn kjøt. Dette er ein auke på 4 600 tonn, eller 2prosent frå 1996. Sidan 1992 har auken vore på 31 200 tonn, eller 14 prosent.
Produksjonen av storfekjøt auka relativt mest frå 1996 til 1997. Det vart kontrollert 88 100 tonn, som er ein auke på 3 000 tonn, eller 3,5 prosent, samanlikna med 1996. Mengda av svinekjøt og fjørfekjøt utgjorde 105 400 og 33 400 tonn. Dette er ein auke frå 1996 til 1997 på respektive 2 og 3 prosent. For sauekjøt var det ein nedgang på 5 prosent siste året.

Produksjonen av alle dei viktigaste kjøtslaga, det vil seie storfe, sau, svin og fjørfe, har auka i femårsperioden frå 1992 til 1997, men den relative fordelinga av produksjonen har endra seg. Av det kontrollerte slaktet i 1997 utgjorde svinekjøt knapt 42 prosent, storfekjøt 35 prosent, fjørfekjøt 13 prosent og sauekjøt knapt 10 prosent. I femårsperioden har prosentdelen av storfe- og sauekjøt minka, medan delen av svinekjøt har auka svakt. Fjørfekjøt har auka frå 10 til 13 prosent av den totale kjøtproduksjonen.

Det blei kontrollert mest kjøt i Rogaland og Nord-Trøndelag med respektive 18 og 11 prosent av all kjøtproduksjon. Minst kjøt blei kontrollert i Aust-Agder og Finnmark.

Om statistikken
Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri med vidare via Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret vert administrert av Landbruksdepartementet.

Tabeller

* Tabell 7-1: Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Fylke. Tal dyr

* Tabell 7-2: Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. Fylke. Tonn


* Tabell 7-3: Offentleg kjøtkontroll. Godkjende slakt til folkemat av ulike dyreslag. Tal dyr


* Tabell 7-4: Offentleg kjøtkontroll. Godkjende slakt til folkemat av ulike dyreslag. Tonn


* Tabell 7-5: Offentleg kjøtkontroll. Godkjende slakt til folkemat. Gjennomsnittsvekt. Kg


Ny statistikk

Kontrollerte slakt, 1997. Førebels tal.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjørg Andreassen, tlf. 62 88 52 36,e-post:jar@ssb.no, eller Ole Rognstad, tlf. 62 88 81 87, e-post: oro@ssb.no.

Tabellregister


Ukens statistikk nr. 9, 1998