[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 5, 1998

Byggjearealstatistikk, desember 1997:

Størst bustadbygging i vest


På landsbasis vart det sett i gang 4,7 bustader per 1 000 innbyggjarar i 1997. Rogaland og Sogn og Fjordane hadde størst nybygging sett i høve til innbyggjartalet , med 6,6 og 6,5 bustader. Deretter følgjer Møre og Romsdal med 5,9 igangsette bustader per 1 000 innbyggjarar. Lågast igangsetjing var det i 0slo med 2,6 bustader.
Rekna i igangsett bruksareal for heile landet var byggjeaktiviteten i 1997 den største sidan 1988. 20 780 bustader og 3 984 000 kvadratmeter bruksareal til andre bygg vart igangsette dette året. Samanlikna med 1996 er auken 14 prosent for bustader og 10 prosent for andre bygg enn bu-stader.

Trenden i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader har stort sett vore positiv sidan 1992. I 1997 var han jamt stigande heile året. For bustader er trenden negativ etter eit vendepunkt i starten av 1997.

Mykje nytt bruksareal til yrkesbygg i Østfold
I Østfold gjekk igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader opp frå 113 400 til 201 500 kvadratmeter frå 1996 til 1997. Det tilsvarar ein vekst på 78 prosent. Veksten i igangsett bruksareal i Noreg i 1997 samanlikna med 1996 viser seg over heile landet. Berre Oppland, Vest-Agder og Sør-Trøndelag har markert nedgang i igangsett bruksareal til slike bygg denne perioden.

Låg nybygging i desember
I desember 1997 vart 1 545 bustader igangsette. Det er 14 prosent færre enn i same månad i 1996. Igangsetjinga av bruksareal til andre bygg enn bustader gjekk ned 12 prosent denne perioden. I alt 288 100 kvadratmeter bruksareal til slike bygg vart sette i gang denne månaden. Om lag ein fjerdedel av arealet vart igangsett innanfor næringa varehandel, reparasjon av kjøretøy og hushaldningsapparat.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i desember 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 2,5 månader for bustader og 3,7 månader for andre bygg. Det store etterslepet i registreringane av andre bygg enn bustader kjem i stor grad av at eit par store bygg vart registrerte i GAB-registeret denne månaden sjølv om dei faktisk vart igangsette for nokre år tilbake.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 10]

Figur 10: Igangsette bustader per 1 000 innbyggjarar i 1997. Fylke


Ny statistikK

Byggjearealstatistikk, desember 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statis-tikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no, eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 5, 1998