[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 5, 1998

Konjunkturbarometeret, 4. kvartal 1997:

Flaskehalsar i industriproduksjonen


Industriproduksjonen tok seg sterkt opp i siste del av fjoråret etter ein svak periode i 1. halvår. Eit høgt aktivitetsnivå i økonomien har gjort flaskehalsar og presstendensar meir merkbare.
For industrien samla gjekk produksjonen noko opp i 4. kvartal - om lag som venta. Det var investeringsvareproduserande bransjar (maskinindustri, produksjon av plattformer mellom anna) som hadde sterkast oppgang. For fjoråret samla vart produksjonsutviklinga svakare i 1. halvår, men tok seg merkbart opp i 2. halvår - særskilt frå 2. til 3. kvartal.

Oppgang i etterspurnaden
Oppgangen gjennom 1997 var dels eit resultat av ein klår oppgang i etterspurnaden frå heimemarknaden og ei betring i etterspurnaden og prisane for dei tradisjonelle eksportnæringane (treforedling, metaller og kjemiske råvarer). Denne utviklinga vert og underbygd av ein fallande del av foretaka som melder om etterspurnads- og/eller konkurranseforhold som avgrensande for produksjonen. I 4. kvartal meldte 43 prosent om slike problem - den lågaste delen sidan 1.kvartal 1980. I den sterke oppgangsperioden i 1995 låg delen i 4.kvartal på 56 prosent, og i slutten av 1991 på over 70 prosent.

Den inneverande høgkonjunkturen har no snart vara i fire år, om ein legg omslaget i utviklinga til slutten av 1993. Gjennom 1994 og inn i 1995 tok produksjonen seg kraftig opp, men av fleire grunnar svekkja oppgangen seg noko mot slutten av året. Eksporten av tradisjonelle varer hadde eit tilbakeslag på grunn av kraftige fall i prisane på dei internasjonale varemarknadene. Etterspurnaden frå heimemarknaden vart og svekkja noko, men henta seg likevel raskt opp.

Sjølv om den sterke produksjonsoppgangen svekkja seg vart flaskehalsar og presstendensar i økonomien gradvis meir merkbare. Dette kom mellom anna til syne ved at aukande delar av foretaka meldte om mangel på arbeidskraft og om kapasitetsvanskar.

Mangel på arbeidskraft
I 2. kvartal 1994 mangla om lag 2 prosent av industriforetaka arbeidskraft. Mot slutten av 1995 og inn i 1996 auka delen raskt og kraftig og nådde ein mellombels topp i 3. kvartal same år med vel 8 prosent. Inn i 1997 auka delen vidare opp til om lag 10 prosent.

Det er store skilnader mellom næringane. Investeringsvareproduserande bransjar, som i stor grad er påverka av oljeverksemda og annan større utbyggingsaktivitet merka tidleg dette problemet. Tidleg i 1994 meldte 5 prosent av foretaka om mangel på arbeidskraft. Frå 4. kvartal 1995 til 3. kvartal 1996 auka delen frå 10 til 25prosent. I andre bransjar vart dette fyrst merkbart mot slutten av 1996 og inn i 1997. For innsatsvarebransjar og konsumvarebransjar har delen samla sett i denne høgkonjunkturen ikkje nådd vesentleg over 5 prosent på aggregerte nivå. Men for enkeltbransjar innan desse næringane er problema klårt større.

Kapasitetsvanskar
Mange foretak har støtt på kapasitetsvanskar. På toppen av høgkonjunkturen i 1995 meldte 16 prosent av in-dustriforetaka om kapasitetsvanskar. I midten av 1993 var delen nede i 5 prosent, medan slike problem var mindre viktig i 1996 - mellom anna av grunnar som er nemnde over. Delen gjekk opp i 16 prosent tidleg i 1997. Etter dette har den gått noko ned til tross for ein auke i produksjonen. Denne utviklinga har truleg samband med den høge investeringsaktiviteten gjennom dei siste åra, som for mange bransjar og foretak har gjeve auka kapasitet.

Det er også her store bransjevise skilnader. Mest merkbart synest kapasitetsvanskar å vere i innsatsvareproduserande bransjar, som omfattar dei tradisjonelle eksportnæringane. Mange eksportbransjar har svært høg kapasitetsutnyttingsgrad, der meir enn 90 prosent som eit veid gjennomsnitt ikkje er uvanleg. I 1995 meldte kvart tredje foretak i innsatsvareproduserande bransjar om kapasitetsvanskar. To år tidlegare låg delen på 5 prosent. I 1997 har om lag 20 prosent av foretaka i desse bransjane hatt slike problem.

For konsumvareproduserande bransjar er stoda ein annan. Her er adelen av foretak med full kapasitetsutnytting og gjennomsnittleg kapasitetsutnytting klårt lågare. Om lag 5 prosent av foretaka meldte om slike problem i 1995. I 1997 har delen vore oppe i 10 prosent, men har falle noko utover i året.

Om statistikken
Statistikken byggjer på eit utval større foretak innan bergverksdrift og industri. Bruttoutvalet er på om lag 670 foretak - dei fleste med 100 eller fleire sysselsette. Deltakinga er frivillig og svarprosenten ligg normalt på vel 80. Statistikken kartlegg industrileiarane sine vurderingar av konjunktursituasjonen og -utsiktene for ein del faste kjenneteikn. Kvart foretak sitt svar vert veia med sysselsettinga. Frå og med 1. kvartal 1997 vert det publisert ujusterte og glatta diffusjonsindeksar for industri og bergverksdrift og indikatorar for kapasitetsutnytting og ressursknapphet. Det vert og publisert analysetabellar for industrien, innsatsvareindustri, investeringsvareindustri og konsumvareindustri. Dei vanlege tabellane med svarfordelingar på enkeltspørsmål og tal for enkelte kjenneteikn etter næring vert og publisert.

[Figur 12]

Figur 12: Industri. Produksjon og kapasitetsvanskar


[Figur 13]

Figur 13: Industri. Produksjon og mangel på arbeidskraft


Ny statistikk

Konjunkturbarometeret, 4. kvartal 1997.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statis-tikk. Meir informasjon: Bjørg Devik, tlf. 21 09 47 37, e-post: bjd@ssb.no, eller Tom Andersen, tlf. 21 09 47 29, e-post: tla@ssb.no.

Ukens statistikk nr. 5, 1998