[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 3, 1998

Byggjearealstatistikk, november 1997:

Høg byggjeaktivitet


I perioden frå januar til november 1997 vart det sett i gang bygging av 19 235 bustader mot 16 472 i same periode i 1996. Dette svarar til ein auke på 17 prosent. I alle fylka unnateke Trøndelagsfylka og Finnmark auka igangsetjinga av bustader i denne perioden.
Talet på igangsette bustader i november 1997 var høgare enn i november 1996. Auken var på 24 prosent. Det vart også registrert igangsett 88 prosent meir bruksareal til andre bygg enn bustader enn i same månad i 1996.

Dei geografiske variasjonane var større for bustader enn for andre bygg. I Oslo, Buskerud, Nordland og Finnmark fylke gjekk talet på igangsette bustader i november 1997 kraftig ned samanlikna med same månad året før, medan dei fleste andre fylka hadde stor auke i igangsetjingstalet.

Tal frå Bergen kommune
I november 1997 vart godkjente, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i august, september og oktober registrerte i GAB-registeret. Desse bygga kjem derfor med på statistikken for denne månaden. I seriane som dannar grunnlag for sesongjustering, er bygga som vart regi-strerte i Bergen kommune i november fordelte på månadene august til november ved hjelp av tal henta inn direkte frå kommunen.

Stort etterslep i registreringane
Tala for november 1997 viser uvanleg stor byggjeaktivitet for denne månaden. Det viser seg at ein del av bygga som vart registrert igangsette i november, faktisk vart sette i gang for nokså lang tid tilbake. Byggjeaktiviteten i november 1997 var derfor ikkje fullt så stor som tala tyder på. Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader i 1996 var det høgaste sidan 1988. Igangsett bruksareal til slike bygg dei elleve første månadene i 1997 er likevel 13 prosent høgare enn i same periode året før.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i november 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 3,6 månader for bustader og 5 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15 prosent. For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 5]

Figur 5: Talet på igangsette bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-november 1997


Tabeller

* Tabell 01: Bygg sette i gang. Justerte, førebels tal

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, november 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no, eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 3, 1998