[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 1-2, 1998

Kontrollerte slakt, 1.- 3. kvartal 1997. Førebels tal:

Auka slakt av svin og fjørfe


Det vart kontrollert 183 100 tonn slakt dei tre første kvartala i 1997. Dette er ein auke på vel 4 prosent eller 6000 tonn frå same periode i fjor. Slakt av svin og fjørfe aukar mest.
Førebels tal frå den offentlege kjøtkontrollen viser at det vart kontrollert 25700 tonn fjørfeslakt dei tre første kvartala i 1997. Dette er 2 800 tonn meir enn i same periode året før.

Slaktemengda for svinekjøt var dei tre første kvartala i 1997 på 77 100 tonn. Dette er ein auke på 3 000 tonn frå same periode i 1996. Mengda av storfekjøt har auka med 2 900 tonn til 69 100 tonn i same tidsrom. For sauekjøt har slaktemengda derimot gått ned med 2000 tonn til 10 100 tonn.

Minst auke i slakt av sau
Ser ein utviklinga over ein femårsperiode finn ein at det i 1. til 3. kvartal 1997 vart kontrollert 24 400 tonn meir kjøt enn i same periode i 1992. Dette er ein auke på 15 prosent. I denne perioden har mengda av fjørfeslakt auka med heile 58 prosent, medan mengda av svineslakt har auka med 17 prosent. Slakt av storfe har auka med om lag
7 prosent, medan slakt av sau har auka med knapt 2 prosent.

Tabeller

* Tabell 1: Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. 1.-3. kvartal. Tal dyr

* Tabell 2: Offentleg kjøtkontroll. Slakt godkjende til folkemat. 1.-3. kvartal. Tonn


Ny statistikk

Kontrollerte slakt, 1.- 3. kvartal 1997. Førebels tal.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk(NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjørg Andreassen, tlf. 62 88 52 36,e-post: jar@ssb.no, eller Berit Bjørlo, tlf. 62 88 55 07, e-post: bbj@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 1-2, 1998