[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 49, 1997

Stortingsvalet, 1997:

FrP fekk 18,4 prosent av førehandsrøystene


Den nye valordninga, med førehandsrøysting på posten, gav som resultat eit høgt tal på førehandsrøystene. Om lag 19 prosent av røystene vart gjevne på førehand. Her vart Framstegspartiet den store vinnaren. Valdeltakinga totalt auka med 2,5 prosentpoeng frå 1993-valet og var ved årets val 78,3 prosent.
Ser vi på partifordelinga i dei godkjende førehandsrøystene, har Framstegspartiet, Venstre og Raud Valallianse ein høgare del enn totalresultata. For Framstegspartiet er skilnaden høgast. Av førehandsrøystene fekk partiet 18,4 prosent, medan totalresultatet vart 15,3 prosent. Dei andre partia hadde etter måten høgare oppslutnad blant valtingsrøystene.

Trass i at valdeltakinga auka frå 1993 må vi, med unntak av 1993, attende til 1957 for å finne ei tilsvarande låg deltaking ved stortingsval. I likskap med tidlegare val var deltakinga høgast i Akershus og lågast i dei tre nordlegaste fylkene. Likevel var det i Nordland som deltakinga auka mest frå 1993, med vel 4 prosentpoeng.

Færre kvinner på Stortinget
I det nye Stortinget har talet på kvinner gått attende. Av dei 165 representantane er det 60 kvinner, i 1993 var det 65. Arbeidarpartiet har etter måten flest, om lag halvparten av representantane er kvinner. Av dei andre partia er det berre Kristeleg Folkeparti som har over 40 prosent kvinner. Av Framstegspartiet sine 25 representantar er det berre to kvinner.

Senterpartiet taparen
Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti vart vinnarane ved årets val. Framstegspartiet fekk 15,3 prosent av røystene, som er ein auke på 9 prosentpoeng frå 1993. Kristeleg Folkeparti gjekk fram med om lag 6 prosentpoeng, frå 7,9 prosent i 1993 til 13,7 prosent i 1995. For begge desse partia er det den største oppslutnaden dei nokon gong har hatt. Ser vi på oppslutnaden til desse to partia etter kor sentrale kommunane er, finn vi at Framstegspartiet står sterkast i dei mest sentrale kommunane, medan Kristeleg Folkeparti har flest tilhengarar i dei minst sentrale kommunane. Venstre hadde også framgang med knapt 1 prosentpoeng og partiet kom med 4,5 prosent av røystene over sperregrensa for å få utjamningsmandater. Senterpartiet, vinnaren frå 1993-valet, fekk ved valet i år under halvparten så mange røyster som i 1993. Partiet gjekk attende frå 16,7 prosent i 1993 til 7,9 prosent i 1997. Dei andre større partia, Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, fekk også etter måten færre røyster enn i 1993. Høgre gjekk attende med knapt 3 prosentpoeng, dei to andre med knapt 2.

KrF med i alle fylkene
Den store framgangen til Framstegspartiet gav 15 fleire representantar frå 1993. Partiet har no 25 representantar på Stortinget. Kristeleg Folkeparti fekk også 25 representantar, som er ein auke med 12 frå 1993. Partiet har no representantar frå alle fylkene. Venstre fekk seks representantar, fire av desse var utjamningsmandater. Senterpartiet mista 21 av dei 32 representantane dei fekk i 1993 og fekk
elleve, det same talet som i 1989. Arbeidarpartiet fekk 65 representantar, to færre enn i 1993. Høgre fekk 23, som er fem færre. Sosialistisk Venstreparti gjekk attende med fire og har no ni representantar. Trass i framgang totalt mista Raud Valallianse sin eine representant. Denne kom frå Oslo der partiet gjekk attende. Det nye partiet på Stortinget vart Tverrpolitisk Folkevalde med sin eine representant. Denne kjem frå Nordland.

[Figur 4]

Figur 4: Røyster på utvalde parti i alt. Prosent


[Figur 5]

Figur 5: Røyster på utvalde parti gjevne på valting. I prosent av røyster gjevne på valting i alt


[Figur 6]

Figur 6: Røyster på utvalde parti gjevne på førehand. I prosent av røyster gjevne på førehand i alt


Ny statistikk

Stortingsvalet, 1997.
Statistikken kjem ut etter kvart stortingsval i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS )Stortingsvalget og Regionalstatistikk . Meir informasjon: Nelly Klatstølen, tlf. 62 88 52 98, e-post: nkl@ssb.no .

Tabellar

Ukens statistikk nr. 49, 1997