[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 44, 1997

Byggjearealstatistikk, september 1997:

21 000 nye bustader i 1997?


Dei tre første kvartala i år vart det sett i gang bygging av 15148 bustader. Dette er 17 prosent fleire enn i same periode i fjor. Dei siste åra har rundt 70 prosent av dei nye bustadene vorte sette i gang i dei ni første månadene i året. Dersom dette også er tilfelle for 1997, vil om lag 21000 nye bustader verta igangsette i år. I 1996 vart det sett i gang bygging av 18 743 bustader.
Trenden i bustadbygginga har vore jamt positiv sidan starten av 1996, men har flata noko ut dei siste månadene. Trendtala for desse månadene er usikre, men stemmer denne tendensen vil talet på igangsette bustader i 1997 verta i underkant av 21 000.

Dei ni første månadene i år er det kun Nord-Trøndelag og Finnmark som har klar nedgang i talet på igangsette bustader samanlikna med året før. I Aust-Agder, Hordaland og Sør-Trøndelag er igangsetjingstala om lag uendra, medan det i resten av fylka er sett i gang bygging av fleire bustader enn i fjor. I september i år vart bygging av 2137 nye bustader sett i gang mot 1 815 i same månad i fjor. Dette er ein auke på 18 prosent. I same periode auka igangsett bruksareal til bustader med 9 prosent.

Auka igangsetjing av yrkesbygg
I september vart 391 800 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader igangsett. Dette er ein auke på 8 prosent samanlikna med same månad året før. Mest areal vart sett i gang innanfor næringa eigedomsdrift, forretningsmessig tenesteyting og utleigeverksemd. Trenden i igangsett bruksareal til slike bygg har stort sett vore positiv sidan 1992. Dei tre første kvartala i år er igangsett bruksareal 6 prosent høgare enn i same periode i fjor. Størst auke er det i Troms med om lag 50 prosent og Akershus med om lag 40 prosent. Agderfylka og Oppland har størst nedgang i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader.

Bergen og Trondheim kommunar manglar
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i september 1997 vart ikkje registrerte i GAB-registeret denne månaden. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I september vart det registrert 53 bustader, 9 400 kvadratmeter bruksareal til bustader og 7 600 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn igangsette bustader. Tala for igangsette bygg i Trondheim kommune i september 1997 er estimerte. Igangsetjing inkludert tal for Bergen og Trondheim kommunar er gjevne som justerte tal.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i september 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 2,7 månader for bustader og 2,3 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 12]

Figur 12: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-september 1997


[Figur 13]

Figur 13: Talet på igangsette bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-september 1997


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, september 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no, eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 44, 1997