[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 40, 1997

Byggjearealstatistikk, august 1997:

Høg igangsetjing av yrkesbygg i Oslo


I sommarmånadene juni, juli og august i år auka igangsetjinga av bruksareal til andre bygg enn bustader med 8 prosent samanlikna med same periode året før. Igangsetjinga var størst i Oslo med 163 900 kvadratmeter og i Akershus med 160 600 kvadratmeter. For Oslo tilsvarar dette nær ei tredobling samanlikna med i fjor sommar.
Også Troms fylke hadde ein sterk auke i igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader i juni, juli og august i år. I dette fylket var igangsett bruksareal til slike bygg meir enn dobla samanlikna med i fjor. I begge Agder-fylka var derimot igangsetjinga om lag halvparten så stor i denne perioden i år som i fjor.

Det vart sett i gang bygging av 2 053 bustader i august. Dette er 10 prosent fleire enn i august i fjor. Dei åtte første månadene i år auka talet på igangsette bustader med 17 prosent samanlikna med i 1996. Alle fylka bortsett frå Nord-Trøndelag og Finnmark hadde om lag uendra eller auka igangsetjing av bustader denne perioden.

I august vart bygging av i alt 747 500 kvadratmeter bruksareal påbegynt. Dette fordelar seg på 309 500 kvadratmeter til bustader og 438 000 kvadratmeter til andre bygg. Medan igangsett bruksareal til bustader var 5 prosent høgare i august i år enn i fjor, gjekk det ned 2 prosent for andre bygg enn bustader. Dei åtte første månadene i år er det sett i gang bygging av 17 prosent meir bruksareal til bustader, og
5 prosent meir til andre bygg enn i same periode i fjor.

Bergen kommune manglar
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i juli og august 1997 vart ikkje registrerte i GAB-registeret desse månadene. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I juli vart det regist-rert 64 bustader, 8 800 kvadratmeter bruksareal til bustader og 7 600 kvad-ratmeter bruksareal til andre bygg enn igangsette bustader. Tilsvarande tal for august er 66 bustader, 10400 kvadratmeter bruksareal til bustader og 10 000 kvadratmeter til andre bygg enn bustader. Igangsetjing inkludert tal for Bergen kommune er gjeve som justerte tal.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader, og 2,2 månader for bruksareal til
andre bygg. For bygg registrerte i august 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 3,4 månader for bustader og 2,5 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggje litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 3]

Figur 3: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader. Juni, juli og august 1997. Fylke. Justerte tal


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, august 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 40, 1997