[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 38, 1997

Kontrollerte slakt, 1. halvår 1997:

Auka kjøtproduksjon også i år


1. halvår i år vart det kontrollert 120 600 tonn slakt viser førebels tal. Samanlikna med same periode i fjor er dette ein auke på 8 prosent eller 9 000 tonn.
Fjørfeslakt har auka med 23 prosent (3 200 tonn) til 17 300 tonn frå 1996 til 1997. Det er særleg slakt av kylling/broiler som har auka, og talet på kylling/broilerslakt var 3,4 millionar høgare i denne perioden enn i same periode året før. Vel 80 prosent av alt fjørfeslakt i 1997 var kylling/broiler, medan kalkunkjøt utgjorde om lag 9 prosent.

Det vart kontrollert 70 000 fleire svineslakt i 1. halvår 1997 enn i same periode i 1996. I vekt var auken 4 400 tonn (9 prosent), og det vart i alt kontrollert 52 100 tonn svinekjøt i 1997.

Det har også vore noko auke i slakt av storfe og kalv. 1. halvår 1997 utgjorde slakt av storfe og kalv 47 900 tonn, ein auke på 4 prosent (1 700 tonn) frå 1. halvår 1996.

Rogaland var det fylket som hadde størst kjøtproduksjon, 18 prosent av alt kjøtet vart produsert her. Deretter følgde Nord-Trøndelag med 12 prosent. Vel ein fjerdedel av fjørfekjøtet vart produsert i Østfold, medan Hedmark hadde ein femtedel av denne produksjonen. 22 prosent av alt svinekjøtet vart produsert i Rogaland, medan Nord-Trøndelag stod for 15 prosent.

Ny statistikk

Kontrollerte slakt, 1. halvår 1997.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk(NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjørg Andreassen, tlf. 62 88 52 36, e-post: jar@ssb.no eller Berit Bjørlo, tlf. 62 88 55 07, e-post:bbj@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 38, 1997