[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 35, 1997

Byggjearealstatistikk, juli 1997:

Bustadbygginga aukar i heile landet


Etter nedgangen i fjor har bustadbygginga teke seg opp over heile landet. Dei sju første månadene i år har berre Nord-Trøndelag og Finnmark tydeleg nedgang i igangsetjinga samanlikna med i fjor.
I alt 10 894 bustader er registrert igangsette i perioden frå januar til juli. Inkludert estimat for Bergen og Trondheim kommune er det totale igangsetjingstalet for bustader i perioden frå januar til juli 11 019. Dette er 19 prosent fleire enn i 1996. Det er sett i gang bygging av flest bustader i Akershus, Rogaland og Hordaland desse sju månadene.

Estimerte tal for Bergen og Trondheim kommune
Godkjente, igangsette og fullførte bygg i juli 1997 i Bergen og Trondheim kommune vart ikkje registrerte i GAB-registeret denne månaden. Tal for mai og juni 1997 for Trondheim kommune og tal for juni 1997 for mange andre kommunar i Sør-Trøndelag vart registerte i juli, og kjem derfor med på statistikken denne månaden. For Bergen er det estimert tal for igangsette bygg i juli 1997 og i perioden frå januar til juli 1997, medan det er estimert tal for Trondheim kommune i desse periodane både for 1996 og 1997.

Framleis vekst for yrkesbygg
Sidan 1992 har igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader auka kraftig. Framleis er det vekst i igangsett areal til slike bygg. Estimerte tal viser ein auke i igangsett bruksareal på 7 prosent dei sju første månadene i år samanlikna med 1996. For landet er ikkje veksten like einsarta som for talet på igangsette bustader. Færre fylke har auke i igangsett bruksareal til and-re bygg enn i talet på bustader. Auken er størst i Akershus, medan nedgangen er størst i Vest-Agder.

For juli viser estimerte tal at igangsett bruksareal i alt auka med 6 prosent samanlikna med juli i fjor. Auken er størst for andre bygg enn bustader med 11 prosent, medan igangsett bruksareal til bustader er om lag som i fjor. Bygging av i alt 1 552 bustader vart sett i gang denne månaden. Det er 7 prosent fleire enn i juli i 1996.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er bygd på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i juli 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 1,8 månader for bustader og 1,8 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 11]

Figur 11: Talet på igangsette bustader. Fylke. Januar-juli 1997. Estimerte, førebelse tal.


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, juli 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 35, 1997