[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 30-31, 1997

Byggjearealstatistikk, juni 1997:

Mest nytt undervisningsareal i Rogaland


Første halvår 1997 vart det sett i gang bygging av 190000 kvadratmeter bruksareal innan næringa undervisning mot 80400 kvadratmeter i fjor. Størst byggjeaktivitet, rekna både i kvadratmeter og kvadratmeter per innbyggjar, var det i
Rogaland.
I alt 32 100 kvadratmeter bruksareal til undervisning vart sett i gang i Rogaland første halvår 1997. Dette svarer til 89 kvadratmeter per 1 000 innbyggjarar. Nest etter Rogaland var byggjeaktiviteten innan denne næringa størst i Telemark og Aust-Agder. Lågast igangsetjingstal per innbyg-gjar denne perioden var det i Oppland med 14 kvadratmeter per 1 000 innbyggjarar og i Vest-Agder med 21 kvadratmeter.

19 prosent fleire bustader
Dei seks første månadene vart det sett i gang 9 308 bustader mot 7 838 i same periode i fjor. Dette er ein auke på 19 prosent. Alle fylkene unnateke Vestfold, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Finnmark kan visa til auke i bustadbygginga i dette halvåret. Flest bustader vart sette i gang i Akershus, Rogaland og Hordaland.

Igangsetjingstalet for bustader i juni var 3 prosent lågare i år enn i fjor. I alt 1 721 bustader vart sette i gang denne månaden.

Størst vekst innan offentleg forvalting
I første halvår vart totalt 1 615 500 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader sette i gang. Igangsetjingstalet i år er 6 prosent høgare enn i fjor. Størst auke er det innan næringa offentleg forvalting. Nest etter denne næringa auka igangsetjinga mest innan undervisning. For begge desse næringane vart det sett i gang over dobbelt så mykje bruksareal førs-te halvår i år som i fjor.

Igangsetjinga av andre bygg enn bustader var høg i juni i år samanlikna med i fjor. Auken er på 28 prosent. Byggjeaktiviteten var også høg i forhold til tidlegare år. I alt 337 100 kvadratmeter bruksareal vart sette i gang denne månaden.

Kommunar i Sør-Trøndelag fylke manglar
Mange kommunar i Sør-Trøndelag fylke har ikkje registrert godkjente, igangsette og fullførte bygg i juni 1997 i GAB-registeret. Oppdateringar for bygg under arbeid er heller ikkje utførte for desse kommunane. Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Oslo fylke i mai 1997 vart delvis
registrerte i GAB-registeret i juni 1997, og kjem derfor med i statistikken for denne månaden.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader, og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i juni 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 1,3 månader for bustader og 1,2 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, juni 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 30-31, 1997