[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1997

Byggjearealstatistikk, 1996. Endelege tal:

Færre, men større bustader


I 1996 vart 18 743 nye bustader påbegynt mot 20 011 i 1995. Det er ein nedgang på 6prosent. Igangsett bruksareal til bustader ligg likevel på same nivå som i 1995. Bustader sette i gang i 1996 var dermed gjennomsnittleg større enn bustader sette i gang i 1995.
Igangsette leilegheiter i fjor hadde i gjennomsnitt eit bruksareal på 130 kvadratmeter. I 1995 var tilsvarande tal 125. Gjennomsnittleg bruksareal per leilegheit auka nesten for alle typar bygg i denne perioden. Berre leilegheiter i nye vertikaldelte tomannsbustader og i tilbygg og påbygg var i gjennomsnitt mindre i 1996 enn i 1995.

Fleire frittliggjande einebustader
Nedgangen i bustadbygginga varierer sterkt frå bygningstype til bygningstype. Talet på igangsette frittliggjande einebustader gjekk opp frå 7 031 i 1995 til 7 131 i 1996. I same periode vart igangsetjingstalet for rekkjehus meir enn halvert. Telemark og Sogn og Fjordane har størst nedgang i talet på igangsette bustader samanlikna med 1995. I Telemark var nedgangen 41 prosent, medan han var 38 prosent i Sogn og Fjordane.

Mange nye yrkesbygg
Byggjeaktiviteten innan andre bygg enn bustader var høg i 1996. I alt 3545 000 kvadratmeter bruksareal vart sett i gang til slike bygg. Det er høgste igangsetjingstal sidan 1988, og 14 prosent meir enn i 1995. Igangsetjingstalet er likevel 30 prosent lågare enn toppnivået i 1986. Aktiviteten varierer mykje mellom fylka. Størst auke i igangsett bruksareal frå 1995 til 1996 har Vest-Agder og Sør-Trøndelag med over 70 prosent. Sogn og Fjordane og Finnmark har størst nedgang. I Sogn og Fjordane var nedgangen 32 prosent, medan han var 41 prosent i Finnmark.

Alle typar yrkesbygg hadde auke i igangsett bruksareal frå 1995 til 1996 unnateke hotell- og restaurantbygg og bygg for helsestell og sosial omsorg. Størst auke i påbegynt bruksareal var det for undervisnings- og forskingsbygg. Igangsett bruksareal til slike bygg var 78 prosent høgare i 1996 enn i 1995. Bruksareal til bygg for helsestell og sosial omsorg gjekk ned frå 244 000 kvadratmeter i 1995 til 92 000 kvadratmeter i 1996. Igangsetjingstalet for slike bygg var uvanleg høgt i 1995 mellom anna på grunn av byggjeprosjekt på Rikshospitalet. I 1994 var påbegynt bruksareal til bygg for helsestell og sosial omsorg om lag på same nivå som i 1996.

Om statistikken
I tillegg til faste publiseringar utfører Statistisk sentralbyrå spesialoppdrag ved ynskje om andre, eller meir detaljerte opplysningar for kvartals- eller årsstatistikken. Datamaterialet vårt inneheld mellom anna informasjon om bygningstype, næringsgruppe, eigartype (kommune, stat, privat), konstruksjon/materialar og romfordeling i leilegheiter. Kontakt John Bjørke, tlf. 62 88 54 30.

Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

[Figur 5]

Figur 5: Bygg sett i gang. Bruksareal til andre bygg enn bustader, etter bygningstype. 1 000 kvadratmeter1


[Figur 6]

Figur 6: Bygg sett i gang. Talet på leilegheiter etter bygningstype


Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, 1996. Endelege tal.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk, i månadsheftet Bygginfo og i serien Noregs offisielle statistikk (NOS) Byggearealstatistikk. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 13, 1997