[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 19, 1999

Byggjekostnadsindeks, bustader, april 1999:

Stabile byggjekostnader


Dei totale byggje- og materialkostnadene steig med 0,1 prosent frå mars til april 1999. Det sentrale lønsoppgjeret i april gav ingen utslag.

Frå april 1998 til april 1999 auka dei totale byggjekostnadene med 2,6 prosent for bustadblokker, 2,4 prosent for rekkjehus og 2,3 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadene steig noko mindre, med 2,5 prosent for bustadblokker, 2,1 prosent for rekkjehus og 2,0 prosent for einebustader.

Det er delindeksen for elektrikararbeid som har stige mest det siste året. Frå april 1998 til april 1999 auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 6,1 prosent for bustadblokker, 6,0 prosent for einebustader og 5,9 prosent for rekkjehus. Dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid steig noko mindre, med 5,0 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.

Om statistikken

Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller "input"-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, april 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ase.Wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 19, 1999 [an error occurred while processing this directive]