[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 17, 1999

Kulturstatistikk. Bøker, aviser og periodika, 1998:

Stor auke i opplagstala for norsk fagpresse


Statistikken over bøker, aviser og periodika for 1998 syner at auken i opplagstala for norsk fagpresse held fram. Emnegruppa varehandel, hotell og storkjøkken har hatt den største auken, opplagstala er nær dobla frå 1997 til 1998.

Norsk Fagpresse hadde eit samla opplag på drygt 8,6 millionar eksemplar i 1998. Dette er ein auke på om lag 1,1 millionar eksemplar, eller i overkant av 15 prosent, frå 1997 til 1998. Fagblad knytte til fritid og kulturell/ideell verksemd utgjorde den største emnegruppa også i 1998.

Nedgang for vekepressa

Vekepressa hadde eit samla nettoopplag på knapt 2,7 millionar eksemplar per veke i 1998. Det var ein nedgang i opplagstala på drygt 106 500 eksemplar, eller 3,9 prosent, samanlikna med året før.

Avisopplagstal opp 5 prosent

I 1998 var det i alt 166 dagsaviser i Noreg. Det samla opplaget var på om lag 3,9 millionar eksemplar. Frå 1997 til 1998 auka opplagstala med om lag 204 000, eller drygt 5 prosent. 63 aviser kom ut seks gonger i veka i 1998. Elleve aviser hadde søndagsutgåver. Søndagsavisene utgjorde om lag 24 prosent av det samla opplagstalet for alle norske aviser.

Statistikken over pliktavlevert materiale synte at det i 1998 vart avlevert i overkant av 100 000 einingar til nasjonalbiblioteket i Rana. Av dette var talet på småtrykk drygt 30 000, og det vart avlevert nær 20 000 periodika. Bøker og lydbøker utgjorde nær 12 prosent av det pliktavleverte materialet.

Menn leser meir aviser enn kvinner

Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1998 synte at menn las meir aviser enn kvinner. Dei i aldersgruppa 45-66 år las mest aviser, 23 prosent las tre aviser eller fleire ein gjennomsnittsdag. Statis-tikken synte også at kvinner las fleire bøker enn menn. Den mest leste boktypen både blant kvinner og menn var romanar/noveller.

Om statistikken

Statistikken over aviser er utarbeidd på grunnlag av materiale frå Norske Avisers Landsforening (NAL). Statistikken omfattar berre aviser som er medlem av NAL. Statistikken over pliktavlevert materiale er utarbeidd på grunnlag av materiale frå nasjonalbiblioteket i Rana. Pliktavlevering er heimla i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument. Føremålet med denne lova er å tryggja avleveringa av dokument med allment tilgjengeleg informasjon til nasjonale samlingar, slik at desse vitnemåla om norsk kultur og samfunnsliv kan verte bevarte og gjorde tilgjengelege som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon. I statistikken er ein ikkje-periodisk publikasjon på minst 49 sider rekna som ei bok, medan eit småtrykk er ein ikkje-periodisk publikasjon på 5-48 sider.

Oppgåvene over fagpressa omfattar berre tidsskrift som er medlem av Den Norske Fagpresses Forening. Tidsskrifta er inndelte etter ei gruppering som er utarbeidd av foreininga.

Statistikken over vekepressa omfattar berre vekeblad som er medlem av foreininga Norsk Ukepresse.

Statistikken over avis- og boklesing er henta frå Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1998.

[Figur 1]

Figur 1: Fagpresse. Opplagstal. 1996-1998


[Figur 2]

Figur 2: Aviser. Opplagstal. 1994-1998


Ny statistikk
Kulturstatistikk. Bøker, aviser og periodika, 1998.
Meir informasjon: Vera.Thrane@ssb.no, tlf. 62 88 52 57, eller Thorstein.Ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71

Tabeller

Ukens statistikk nr. 17, 1999 [an error occurred while processing this directive]