[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 16, 1999

Kommunalt avløp og jordbruk, 1985-1997. Utslepp og avrenning av næringsstoff:

Mindre utslepp av fosfor og nitrogen til Nordsjøen


Dei totale utsleppa til Nordsjøen frå avløp, industri og jordbruk gjekk ned med 49 prosent for fosfor og 26 prosent for nitrogen i perioden frå 1985 til 1997. I samband med nordsjøavtalene var målsetjinga ein reduksjon på 50 prosent, noko som inneber at målet snart er nådd for fosfor, medan det enno gjenstår ein del for nitrogen.

På oppdrag frå Statens forureinings-tilsyn (SFT) har Statistisk sentral-byrå (SSB), Norsk institutt for vannforskning (NIVA) og Grøner AS gått gjennom rapporteringa av avløpsdata for perioden 1985 til 1997 for å identifisere og korrigere moglege feilkjelder, og samtidig berekne nye utsleppstal. Desse utsleppstala er viktige for å kunne vurdere effekten av ulike tiltak, og samtidig for å sjå om Noreg overheld sine forpliktingar om utsleppsreduksjon i samband med nordsjøavtalene.

Årleg vert det samla inn data om mellom anna jordarbeidingspraksis og bruk av handelsgjødsel. Desse opplysningane dannar grunnlag for berekninga av avrenning frå jordbruket. Bruk av gjødslingsplanar, redusert jordarbeiding på hausten og utbetring av silo- og gjødsellager er viktige tiltak for å redusere tapet av næringsstoff.

Det er først og fremst landområda som drenerer til Nordsjøen som er interessante i forureiningssamanheng. Grunnen til dette er at Nordsjøen er eit grunt havområde med store tilførslar av næringsstoff frå avløp, jordbruk og industri frå fleire land. Kystområda frå Rogaland og nordover derimot inngår i eit mykje større havområde med større gjennomstrøyming av vatn og mindre tilførslar av næringsstoff frå land. Dette medfører at utslepp av næringsstoff jamt over ikkje inneber noko problem i sistnemnde havområde.

Utslepp av fosfor og nitrogen

Dei menneskeskapte (antropogene) tilførslane av fosfor til Nordsjøen har gått ned frå om lag 1 150 tonn i 1985 til 580 tonn i 1997, ein reduksjon på 49 prosent. Når det gjeld avløpssektoren er tilsvarande reduksjon på heile 60 prosent. Den store satsinga på avansert reinsing av avløpsvatnet i områda som drenerer til Nordsjøen har med andre ord gjeve svært positive resultat. Jordbruket har gjennom endra jordarbeidings- og gjødslingspraksis redusert utsleppa av fosfor med 26 prosent, men mesteparten av denne reduksjonen kom i perioden 1985 til 1994, og endringane dei siste åra har vore marginale.

Når det gjeld tilførslar av nitrogen, er utviklinga ikkje like positiv. Her har dei totale tilførslane gått ned frå 28 200 tonn i 1985 til 21 000 tonn i 1997, ein reduksjon på 26 prosent. Avløpssektoren har i same periode redusert utsleppa med berre 11 prosent, medan tilsvarande tal for jordbruket er 19 prosent. Ein forventar store utsleppsreduksjonar for nitrogen dei næraste åra når utbygginga av nitrogenreinsetrin ved enkelte store reinseanlegg på Austlandet er fullført.

På landsbasis har utsleppa av fosfor og nitrogen blitt redusert med 38 og 3 prosent, noko som er godt under dei resultata ein har oppnådd i nordsjøområdet. Dette illustrerer tydeleg det faktum at Nordsjøen og områda som drenerer dit har vore hovudsatsingsområde hos forureiningsmyndigheitene.

Salet av handelsgjødsel-fosfor redusert med 45 prosent

Salet av handelsgjødsel-fosfor gjekk ned heile 45 prosent frå 1984/85 til byrjinga av 1990-talet, sidan har endringane vore små. For nitrogen har salet vore ganske stabilt på i overkant av 110 000 tonn i året. Bruken av husdyrgjødsel har endra seg lite i perioden 1985-1997.

På landsbasis gjekk delen av haust-pløgd korn- og oljevekstareal ned frå 81,6 prosent i 1989 til 57,3 prosent i 1997. I 1997/98 låg 36,4 prosent av alt korn- og oljevekstareal i stubb til våren, ein reduksjon på 2,8 prosentpoeng frå året før.

Stor auke i reinsekapasitet på avløpsanlegg

I perioden før 1970 gjekk det meste av avløpsvatnet meir eller mindre ureinsa i vassdrag og fjordar, medan ein liten del vart reinsa mekanisk eller biologisk. Frå byrjinga av 1970-åra vart det i stadig større grad satsa på bygging av avanserte kjemiske og kjemisk/biologisk anlegg, men først i 1974 passerte den totale reinsekapasiteten 1 million personeiningar (PE). I 1997 var tilsvarande tal heile 5,3 millionar PE, og auken i reinsekapasitet frå 1985 (som er basisår i samband med nordsjøavtalene) har vore på heile 86 prosent.

Det har vore ein sterk auke i hydraulisk kapasitet i åra 1988-1990, men den registrerte auken er berre delvis reell. Mykje av auken kjem av at ein i dette tidsrommet byrja å registrere avløpsanlegg med ureinsa utslepp, og anlegg med sil eller slamavskiljar som mekaniske anlegg.

Eksisterande kjemiske og kjemisk/biologiske anlegg har i all hovudsak vore retta inn mot reinsing av fosfor. I 1997 hadde berre tre reinseanlegg eigne nitrogenreinsetrin, og desse stod for 15 prosent av den totale reinsekapasiteten i Noreg.

Om statistikken

SFT og SSB samlar årleg inn driftsdata frå kommunale og separate avløpsanlegg i samarbeid med miljøvernavdelingane i dei ulike fylke.
Opplysningar om tiltak/atferd i jordbruket vert henta frå Utvalgsteljing for landbruket (SSB) og Søknad om produksjonstilskot (Statens kornforretning). Statens landbrukstilsyn samlar årleg inn opplysningar om bruken av handelsgjødsel og plantevernmiddel.

Det er store variasjonar, både geografisk og over tid, i kvaliteten på det innrapporterte datamaterialet. Dei berekna tilførselstala byggjer difor på ei rekkje føresetnader og er til dels usikre.

Nordsjøområdet omfattar alt landareal som drenerer til kyststrekninga Svenskegrensa-Lindesnes, og utgjer det meste av fylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder samt sørlege delar av Sør-Trøndelag.

Personeiningar (PE) er summen av fastbuande personar og personekvivalentar (bidrag frå industri, institusjonar og liknande omrekna til utslepp frå eit tilsvarande tal personar).

[Figur 3]

Figur 3: Tilførslar av nitrogen (N) til Nordsjøen i perioden 1985 til 1997. Tonn


[Figur 4]

Figur 4: Tilførslar1 av nitrogen (N) til Nordsjøen i perioden 1985 til 1997. Tonn


[Figur 5]

Figur 5: Utviklinga i reinsekapasitet i perioden 1962-1997. Heile landet. Millionar PE


Ny statistikk
Kommunalt avløp og jordbruk, 1985-1997. Utslepp og avrenning av næringsstoff.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Statistiske analysar (SA) Naturressurser og miljø. Meir informasjon: Kjetil.Mork@ssb.no, tlf. 62 88 54 59.


Tabeller

Ukens statistikk nr. 16, 1999 [an error occurred while processing this directive]