[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 12, 1999

Sjølvmeldingsstatistikk, 1997:

Er aksjar snart allemannseige?


Tal frå sjølvmeldingsstatistikken 1997 kan tyde på at aksjar snart er allemannseige. Ved utgangen av 1996 var det 751 200 busette personar i Noreg 17 år eller eldre som hadde aksjar i norske selskap. Eitt år etter har talet auka til 916 400 personar. Kvar fjerde person har med andre ord formue i aksjar.

Låge renter på innskot i bank og høg avkastning på børsen, har fått fleire til å prøve seg i aksjemarknaden. I gjennomsnitt hadde aksjeeigarane her i landet 119 400 kroner i aksjeformue i 1997. Likningsverdien på aksjane auka med 27,8 milliardar kroner frå året før, til i alt 109,4 milliardar i 1997.

Det er partar i aksjefond folk flest eig. Til saman 711 300 personar eig partar i aksjefond i 1997, noko som er ein auke på 176 600 personar frå året før. Medan verdien på partar i aksjefond var 16,6 milliardar kroner i 1996, var tilsvarande beløp 30,8 milliardar i 1997, ein auke på heile 85 prosent. Aksjefonda utgjorde vel 3 prosent av den totale bruttoformuen til busette personar 17 år eller eldre i 1997.

Ujamn fordeling av aksjeverdien

Sjølv om mange eig aksjar og verdien stig, er det framleis ujamn for-deling. Den firedelen personar med høgast bruttoinntekt, eig over 80 prosent av den totale aksjeformuen i 1997. Ser ein på den 5-prosenten med høgast bruttoinntekt, eig desse 63 prosent av aksjeformuen. Fordelinga av partar i aksjefond er jamnare. Her eig den 5-prosenten med høgast bruttoinntekt 30 prosent av partar i aksjefond.

Bruttofinanskapital

Den totale bruttoformuen auka med 6,3 prosent til 956,2 milliardar kroner i 1997. Det var bruttofinanskapital som voks mest, med 39 milliardar eller nær 9 prosent. I 1997 hadde personar med formue ein gjennomsnittleg bruttoformue på nær 294 000 kroner. Dette er 14 000 meir enn tilsvarande tal i 1996. Det var 184 000 personar utan bruttoformue av noko slag i 1997.

Auka gjeld

Sjølv om rentene på lån var relativt låge i 1997, auka talet på låntakarar med berre 38 000 personar frå 1996 til 1997. Til saman 2 115 300 personar hadde gjeld i 1997. For dei med gjeld auka gjennomsnittleg gjeld med vel 5 prosent frå 1996 til 1997, frå 303 000 til 319 800 kroner.

Bruttoinntekt

Samla bruttoinntekt auka med 7,3 prosent frå 1996 til 657 milliardar kroner i 1997. Skattepliktig løn og naturalytingar auka med 7,5 prosent, frå 418,4 milliardar kroner i 1996 til 449,9 milliardar i 1997. Inntekt av næringsverksemd hadde ein auke på 7,3 prosent, frå 43,9 til 47,2 milliardar kroner. Her var inntekt frå primærnæringane på 13,8 milliardar, tilnærma uendra frå 1996 til 1997.

Ytingar frå folketrygda auka frå 78,7 til 83,5 milliardar kroner, eller med 6,1 prosent. Vinst ved sal av aksjar auka frå 7,4 milliardar i 1996 til heile 11,6 milliardar i 1997, mens aksjeutbytte auka frå 11,2 til 12,8 milliardar kroner. I 1997 vart samla inntekter frå renter i bank for befolkninga redusert med 2,6 milliardar kroner i høve til 1996.

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for busette personar 17 år eller eldre med inntekt var 195 300 kroner i 1997. Tilsvarande tal for alle busette personar 17 år og eldre, uavhengig av om dei har inntekt eller ikkje, var på 191 100 kroner. Dei fleste har med andre ord skattepliktige inntekter av eit eller anna slag. Ser ein derimot på gjennomsnittleg aksjeutbytte for busette personar 17 år eller eldre, er dette 47 300 kroner for dei som har slikt utbytte mens det for alle personar 17 år eller eldre berre er på 3 750 kroner. Sjølv om det har vore ein auke i talet på personar som har aksjar, er det framleis mange som ikkje har slike verdipapir, og avkastninga varierer etter kva aksjar ein eig.

Om statistikken

Sjølvmeldingsstatistikken byggjer på opplysningar frå Skattedirektoratet sitt system for Datastøtta sjølvmeldingshandsaming (DSB), etter at likninga er lagt fram. DSB-systemet inneheld opplysningar frå ulike kjelder som til dømes arbeidsgjevarar, Rikstrygdeverket, bankar og forsikringsselskap, i tillegg til dei opplysningane som skattytarane gjev opp i si personlege sjølvmelding. Statistikken omfattar 4 547 936 personar med eit likningsforhold til Noreg. I dei fleste tabellar har vi nytta tal for busette personar 17 år eller eldre som ved utgangen av 1997 utgjorde 3 437 931 personar. I sjølvmeldinga er formuen ført opp med likningsverdi, som vil variere etter kva type formue ein har. Skattefrie inntekter kjem ikkje med i statistikken.

Ny statistikk
Sjølvmeldingsstatistikk, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Sjølvmeldingsstatistikk. Meir informasjon: Grethe.Sparby@ssb.no, tlf. 62 88 52 41, eller Ingunn.Helde@ssb.no, tlf. 62 88 51 83.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 12, 1999 [an error occurred while processing this directive]