[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 11, 1999

Eigenbetaling i barnehagar, januar 1999:

Kraftig auke i barnehagesatsane


Barnehagesatsane steig med 4,4 prosent frå august 1998 til januar 1999, medan dei det siste året har stige med 5,9 prosent. Private barne-hagar utan kommunale tilskot har hatt størst prisauke med ein oppgang på vel 7 prosent. For foreldre med barn i kommunale barnehagar har satsane auka med i overkant av 5 prosent.
Samla sett er det Austlandet som har hatt størst prisoppgang på barnehagesatsane siste året, med ein auke på 6,6 prosent. Foreldre med barn i barnehage i Agder/Rogaland er dei som har hatt klart lågast prisvekst med 3,6 prosent. Vestlandet og Trøndelag har hatt ein vekst på 5,8 prosent, medan i Nord-Norge har takstane auka med 6,2 prosent.

Om lag to tredjedelar av dei kommunale barnehagane sette opp taksten i januar. Av dei private barnehagane var det om lag halvparten som auka satsane. Dagens årsvekst er den høgaste sidan tidleg på 1990-talet.

Lågast prisvekst i Agder/ Rogaland
Frå 1990 og fram til i dag har eigenbetaling i barnehage auka med om lag 36 prosent. Størst auke har det vore i Trøndelagsfylka med i overkant av 45 prosent, medan Agder/Rogaland har hatt lågast vekst med om lag 25 prosent. I same tidsrommet har konsumprisindeksen stige med i overkant av 23 prosent. Tidleg på 1990-talet låg prisnivået i Agder/Rogaland langt over Trøndelag. Etter veksten i 1990-åra har nivået på barnehagetakstane vorte utjamna.

Om statistikken
Undersøkinga omfattar 109 kommunale barnehagar og rundt 100 private barnehagar. Det er òg under utarbeiding ein dokumentasjon i serien Notatar med utdrag av nivåtal, som vert publisert i mai. Meir informasjon om undersøkinga og resultata blir samstundes lagt ut på Internett.

[Figur 8]

Figur 8: Barnehagetakstar. Prosentvis endring frå januar 1998 til januar 1999


Ny statistikk
Eigenbetaling i barnehagar, januar 1999.
Statistikken er ei delundersøking til konsumprisindeksen og utgis to gonger i året i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kari-Anne.Hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Frode.Bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27.

Ukens statistikk nr. 11, 1999 [an error occurred while processing this directive]