[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 4, 1999

Inntektsstatistikk for oljeselskap, 1997:

Reduksjon i utlikna skatt frå sokkelverksemda


Etter fleire år med auke i utlikna skatt frå verksemda på norsk kontinentalsokkel, vart utlikna skatt for 1997 redusert med 3 milliardar kroner, eller 9 prosent frå året før.
Dei totale utlikna skattane frå sokkelverksemda var på 29 milliardar kroner i 1997 mot 32 milliardar i 1996. Av dette utgjorde særskatten 16 milliardar kroner, ein reduksjon på 2milliardar, medan skatt på inntekt gjekk ned med 1 milliard til 13milliardar kroner.

Olje- og gassutvinning og røyrtransport
Selskapa som driv utvinning og røyrtransport av olje og gass, hadde i 1997 ei skattbar allmenn inntekt på 46 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på bortimot 4 milliardar kroner frå året før. Grunnlaget for utrekning av særskatt utgjorde 32 milliardar kroner, noko som og er ein reduksjon på 4 milliardar kroner.

Nedgangen i skattegrunnlaga er i hovudsak eit resultat av auke i finanskostnader. Både produksjonen av råolje og utviklinga i prisane på råolje låg på om lag same nivå som året før, medan gassproduksjonen har auka i perioden.

Utanlandske selskap
Utlikna skatt på utanlandske selskap utgjorde 201 millionar kroner i 1997. Dette er ein nedgang på 22 millionar frå året før.

Om statistikken
Statistikken omfattar alle selskap skattlagde etter reglane i petroleumsskattelova. Dei selskapa som har konsesjon for olje- og gassutvinning og røyrtransport er registrert i Noreg og underlagt reglane om særskatt. Dei utanlandske selskapa skattlagde med same heimel, utfører ulike former for vedlikehald, reparasjon og anna støtteverksemd for selskapa som driv utvinning og transport av olje og gass. Desse selskapa svarar berre skatt på inntekt med 28 prosent.

Statistikken byggjer på tal etter ordinær likning, og er henta frå Oljeskattekontoret i Oslo og Sentralskattekontoret for utanlandssaker i Sandnes.

[Figur 10]

Figur 10: Sum utlikna skatt på inntekt. 1993-1997. Millionar kroner


Ny statistikk
Inntektsstatistikk for oljeselskap, 1997.
Statistikken vert publisert kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon: Reidar.Eriksen@ssb.no, tlf. 62 88 54 45, eller Sigrun.Kristoffersen@ssb.no, tlf. 62 88 51 85.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 4, 1999 [an error occurred while processing this directive]