[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 4, 1999

Avfallsrekneskap for papir, 1997:

Meir papiravfall til gjenvinning enn til deponering


I 1997 gjekk det for fyrste gong meir papir til materialgjenvinning enn til deponering. Av den totale papiravfallsmengda på 990 000 tonn, gjekk rundt 41 prosent på fyllinga, medan 44 prosent gjekk til materialgjenvinning. Materialgjenvinning er dermed den vanlegaste disponeringa for papiravfallet.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har oppdatert avfallsrekneskapen for papp og papir fram til 1997. Berekningane er gjort på bakgrunn av varetilførselstal frå utanrikshandel- og industristatistikk, og det har dermed vore mogleg å forlengje tids-serien bakover til 1976. Tala syner ei sterk auke i papiravfallsmengda frå 1983 til 1988, stabilisering på nittitalet, før papiravfallsmengda igjen auka frå 1996 til 1997.

I tillegg til å berekne mengd papiravfall utifrå varetilførsel har SSB gjort utrekningar utifrå eksisterande avfallsstatistikk. Den totale mengda papiravfall etter denne metoden låg noko lågare enn varetilførselsmetoden frå 1985 til 1993, medan dei i 1994 til 1996 var noko høgare. I 1997 var tala nesten identiske. Det er naturleg at varetilførselstala er noko høgare enn tala frå avfallsstatistikken då ein del papir blir lagra. Grunnen til at tala frå avfallsstatistikkmetoden var høgare i ein periode, kan forklarast utifrå endra lagerbehaldning av papir, ved at meir papir gjekk ut enn inn av lager. Usikre tal og utrekningar i avfallsstatistikken kan òg forklare noko av differansen. Tala i dei vidare utrekningane har utgangspunkt i tala frå varetilførselsmetoden.

Den totale papiravfallsmengda har auka med over 300 000 tonn frå 1976 til 1997. Ein førebels analyse tyder på at mengda svingar i takt med den økonomiske utviklinga i landet og det samla årlege forbruk til privathushaldningane.

Måten papiravfallet blir handtert har endra seg gjennom perioden. Berekningane syner at medan meir enn 600 000 tonn papiravfall blei deponerte i 1988, blei det i 1997 deponert 410 000 tonn. Mengda papiravfall som blir materialgjenvunne har i same periode auka frå rundt 150000 tonn til over 430 000 tonn.

Stadig meir trykksaker
Trykksaker har utgjort den største delen av papiravfallet, rundt 50 prosent av den totale papiravfallsmengda gjennom heile perioden frå 1976 til 1997. I 1997 gav trykksaker 544 000 tonn papiravfall, noko som tilsvara 55 prosent. Papiravfall frå emballasje gjekk ned frå rundt 289000 tonn i 1993 til 209000 tonn i 1996. I 1997 auka denne fraksjonen igjen til 242 000 tonn og utgjorde dermed 25 prosent av papiravfallet. Desse to produktkategoriane stod for 70-85 prosent av alt papiravfallet dei siste 20 åra.

Mest papiravfall frå hushaldningane
Det er hushaldningane som genererer den største delen av papiravfallet i Noreg. I 1997 oppstod 53 prosent av papiravfallet i hushaldningane, medan dei tenesteytande næringane sitt bidrag var på 26 prosent. I industrien oppstod 18 prosent av papiravfallet i 1997, medan andre næringar stod for i alt 3 prosent. I desse tala er toalettpapir og oppfyrt papir, om lag 5 prosent av den totale papiravfallsmengda, rekna til hushaldningsavfallet, sjølv om noko openbert er brukt i næringslivet. Prosentvis er det små endringar i forde-linga sidan 1985.

Nedjustering i høve til tidlegare papirrekneskap
Papirrekneskapen har blitt noko nedjustert i høve til tidlegare publiserte tal. Posten «Bobiner, spoler, o.l. av papirmasse og papp» har blitt teke ut då denne mengda blir dobbeltregistrert. I tillegg er posten «Sanitetsbind, tamponger, bleier o.l.» ført med synkande innhald av papir frå 1980 til 1997. Papirmasseinnhaldet er sett til 30 prosent i 1997. Nedjusteringane har ført til at den totale mengda papir har blitt 10 000-15000 tonn lågare enn tidlegare publiserte tal.

I berekningane over den årlege papiravfallsmengda er det svært usikkert kor stor mengd fylt emballasje (emballasje som kjem til landet gjennom import av emballerte varer) som oppstår kvart år. SSB sin statistikk over emballasjeavfall kan tyde på at det kan dreie seg om så mykje som 118 000 tonn årleg. Ei undersøking frå Matforsk viser at fylt emballasje bidreg med 49 900 tonn papiravfall årleg. Begge tala er usikre, men me har valt å bruke Matforsk sitt tal i desse berekningane.

Tala for forbrenning kjem frå opplysningar frå kommunale avfallsforbrenningsanlegg. I tillegg blir ein del papir brent i mindre forbrenningsanlegg. Denne mengda blir ikkje registrert i rekneskapen. Om lag halvparten av mengda som er ført som «levert til materialgjenvinning», gjekk til eksport. Ein del av denne mengda kan gå til forbrenning med energiutnytting.

Om statistikken
Hovudmålsetjinga med avfallsrekneskapen er å gje ei fullstendig oversikt over avfallsmengd og -straumar i Noreg. Berekningane av varetilførsel er gjort på bakgrunn av SSB sin statistikk av import, eksport og produksjon. Opplysningar om materialgjenvinning er henta frå Prosessindustriens landsforening (PIL) sin returpapirstatistikk.

[Figur 5]

Figur 5: Total papiravfallsmengd etter to metodar. 1976-1997. Tonn


[Figur 6]

Figur 6: Papiravfallsmengd fordelt etter handsaming/disponering. 1976-1997. Tonn


[Figur 7]

Figur 7: Papiravfall etter produktkategoriar. 1976-1997. Tonn


[Figur 8]

Figur 8: Opphav av papiravfall etter samfunnssektor. 1997. Prosent


Ny statistikk
Avfallsrekneskap for papir, 1997.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Olav.Rønningen@ssb.no, tlf. 62 88 51 51, eller Olav.Skogesal@ssb.no, tlf. 62 88 51 65.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 4, 1999 [an error occurred while processing this directive]