[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 3, 1999

Lønnsstatistikk. Tilsette i finanstenester, per 1. september 1998:

Høg lønnsvekst for tilsette i finanstenester


Tilsette i finanstenester hadde ein gjennomsnittleg forteneste per månad på 26200 kroner per 1. september 1998. Dette er 1900 kroner meir enn på same tidspunkt året før, og er ein auke på 7,9 prosent. Dei tilsette i banktenester hadde eit tilsvarande kronetillegg i fortenesta i perioden frå 23400 kroner per månad til 25300 kroner, eller ein vekst på 8,1 prosent.

Administrative leiarar i finanstenester hadde ei gjennomsnittleg forteneste per månad på 36 300 kroner, ein vekst på 9,1 prosent frå 1997. Til samanlikning hadde tilsette i stillingar med krav til mellom eit og tre år med høgare utdanning, ei gjennomsnittleg forteneste per månad på 21 700 kroner eller ein vekst på 7,4 prosent. Dei tilsette i kontor- og kundeservice hadde ei forteneste per månad på 19 600 kroner, som svarar til ein auke på 8,2 prosent. Ser ein på fortenesta per månad for tilsette i stillingar med krav til minst fire år høgare utdanning, var denne 28 800 kroner i 1998 eller 9,5 prosent høgare enn året før.

Banktenester
Dei banktilsette i stillingar med krav til meir enn fire år høgare utdanning hadde ei forteneste per månad på 29100 kroner, eller ein vekst på 11,1 prosent frå 1997. Gruppa med administrative leiarar tente i gjennomsnitt 34 200 kroner per månad, eller om lag 9,4 prosent meir enn året før. Tilsette i stillingar med krav til mellom eit og tre år høgare utdanning hadde ei forteneste per månad på 21 300 kroner, noe som er ein vekst på 8,0 prosent. I denne gruppa tilsette finn vi mellom anna finansmeklarar med ei gjennomsnittleg forteneste per månad på 45 500 kroner. Dette svarar til ein vekst i fortenesta frå same tidspunkt året før på 4 300 kroner per månad eller om lag 10,6 prosent.

Forsikring
Dei tilsette i forsikring hadde ei gjennomsnittleg forteneste per månad på 27 100 kroner, noe som svarar til ein vekst på 1 700 kroner frå september 1997 eller 6, 9 prosent. Tilsette i stillingar i kontor- og kundeservice har hatt ein vekst på vel 2 000 kroner i forteneste per månad, frå 18 300 kroner i 1997 til vel 20 300 kroner i 1998. Dette svarar til ein auke på 11,1 prosent. Gruppa administrative leiarar tente i gjennomsnitt om lag 38 900 kroner per månad, ein vekst på 2 600 kroner per månad samanlikna med året før, eller ein vekst på 7,1 prosent. Tilsette i stillingar med meir enn fire år høgare utdanning hadde ei gjennomsnittleg forteneste per månad på 27100 kroner i 1998. Dette svarar til ein vekst frå året før på 1 700 kroner eller 6,8 prosent.

Anna finansiell tenesteyting
Det er fyrste året Statistisk sentral-byrå har med opplysningar i statistikken for tilsette i verksemder i finansiell tenesteyting utanom banktenester og forsikring. Dei tilsette innan desse tenestene har gjennomgåande høgare lønn enn sine kollegaer i banktenester og forsikring. Gjennomsnittleg forteneste per månad for alle tilsette i næringa var 30200 kroner. Dette er ein auke på 1800 kroner, eller 6,3 prosent frå september 1997.

Tilsette på deltid
Om lag 17 prosent av alle tilsette i finanstenester var tilsette på deltid. Heile 5 910 eller 94 prosent var kvinner. Kvinnelege tilsette på deltid har i gjennomsnitt fleire timar avtalt arbeidstid per veke enn sine mannlege kollegaer.

Om statistikken
Undersøkinga byggjer på opplysningar frå eit utval av verksemder i finanstenester med til saman 30 362 tilsette på heiltid og 6 297 tilsette på deltid. Innafor banktenester og forsikring er dei aller fleste verksemdene med i undersøkinga inkludert Noregs Bank og Postbanken. For tilsette i hjelpeverksemder til finansiell tenesteyting og anna finansiell tenesteyting byggjer statistikken på eit utval. Det er fyrste gong Statistisk sentralbyrå gjev lønnsstatistikk for tilsette i hjelpeverksemder for finanstenester og anna finansiell tenesteyting. Her finn ein mellom anna verksemder som driv med kredittgjeving, forvalting av verdipapir, administrasjon av finansmarknader, fonds- og aksjemekling. Pensjonsfond og pensjonskasser er ikkje med i undersøkinga. Førebelse tal frå nasjonalrekneskapen 3. kvartal 1998 syner at det er 48 100 sysselsette lønnstakarar i finanstenester utanom pensjonskasser og pensjonsfond.

Forteneste per månad omfattar fast avtalt lønn, uregelmessige tillegg, bonus, provisjonar og gratiale. Variabel godtgjersle for overtid er ikkje rekna inn i fortenesta per månad. I statistikken vert heiltid rekna som avtalt arbeidstid per veke med 33 eller fleire timar. Administrerande direktørar og banksjefar er teke med i statistikken.

Ny statistikk
Lønnsstatistikk. Tilsette i finanstenester, per 1. september 1998.
Statistikken kjem ut i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Lønnsstatistikk. Meir informasjon: Trond.Bagaas@ssb.no, tlf. 62 88 52 27, Alice.Steinkellner@ssb.no, tlf. 62 88 55 53, eller Knut.Hakon.Grini@ssb.no, tlf. 62 88 54 44.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 3, 1999 [an error occurred while processing this directive]