[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1998

Kommunalt avløp, 1997. Utslepp og reinsing:

Lågast utslepp frå avløpsanlegga på Sør- og Austlandet


Den gjennomsnittlege reinseeffekten for fosfor i kommunale avløpsanlegg er høgast i fylka frå Østfold til og med Vest-Agder (nordsjøfylka), med 91 prosent. Fylka frå og med Rogaland og nordover har ein gjennomsnittleg reinseeffekt på berre 30 prosent. For kommunane i indre Oslofjord var tilsvarande tal heile 96 prosent. Forskjellen kjem av ulik forureiningssituasjon i kystområda, og dermed ulike krav frå myndigheitene til reinsing av avløpsvatn.
Ved berekning av forureiningsmengder frå kommunale og separate avløpsanlegg fokuserer ein ofte på fosfor. Dette fordi fosfor spelar ei viktig rolle når det gjeld overgjødsling (eutrofiering) av elvar, innsjøar og kystområde. I tillegg slepp reinseanlegga i varierande grad ut blant anna nitrogen, organisk stoff og ulike tungmetall.

Utslepp frå kommunale avløpsanlegg
I underkant av 80 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla kommunale avløpsanlegg. Flesteparten av desse (om lag 92 prosent) er tilkopla reinseanlegg, medan resten (8 prosent) er tilkopla leidningsnett med utslepp av ureinsa kloakk. I kommunane rundt indre Oslofjord er tilknytingsgraden på heile 97 prosent. Berre 3 prosent av innbyggjarane her er tilkopla eigne separate anlegg.

Det er i 1997 berekna utslepp av til saman 570 tonn fosfor frå kommunale reinseanlegg. Utslepp av fosfor frå ureinsa utslepp er berekna til i underkant av 240 tonn. Totale utslepp frå kommunale avløpsanlegg blir då 810 tonn fosfor. For heile landet var den gjennomsnittlege reinseeffekten for dei kommunale avløpsanlegga på 65 prosent.

Ureinsa utslepp og mekaniske anlegg står for ein stor del av utsleppa, til tross for at dei behandlar ein forholdsvis liten del av den totale mengda avløpsvatn. For kjemiske anlegg er forholdet det motsette. Utsleppa er små sjølv om behandla avløpsmengd er stor. Ureinsa utslepp og mekaniske anlegg finn ein stort sett langs kysten frå Rogaland og nordover, medan avanserte kjemiske og kjemisk/biologiske anlegg er mest vanleg på Sør- og Austlandet.

Utslepp frå separate avløpsreinseanlegg
I overkant av 20 prosent av innbyggjarane i Noreg er tilkopla eigne separate avløpsreinseanlegg. For 1997 er det berekna utslepp av til saman 340 tonn fosfor frå desse anlegga. I snitt fjerna slike separate anlegg om lag 34 prosent av tilført fosformengd, noko som inneber at det vart fjerna til saman 175 tonn fosfor. Den totale reinseeffekten for separate avløpsanlegg er med andre ord om lag halvparten av det den er for kommunale anlegg.

Utslepp per personeining
Utslepp per personeining (PE), som gjev eit inntrykk av utsleppsmengdene i forhold til behandla avløpsmengd, er eit betre grunnlag for å samanlikne fylkesvise utslepp enn totale utsleppsmengder. Oslo og Akershus kjem best ut med 33 gram fosfor per PE årleg, medan Nordland på topp har heile 520 gram per PE. Dersom ein ser på området indre Oslofjord, så er gjennomsnittet for kommunane her på berre 31 gram fosfor per PE.

Slamdisponering
Slam frå reinseanlegga inneheld både organisk materiale og plante-næringsstoff. Slammet utgjer med andre ord ein verdifull ressurs som gjødsel og jordforbetringsmiddel. I 1997 er den totale bruken av slam berekna til om lag 87 900 tonn tørrstoff. Av dette vart 65 prosent brukt som jordforbetringsmiddel på jordbruks- og grøntareal.

Tungmetallinnhald i slam
Ei av ulempene ved slam er at det i varierande grad inneheld ulike tungmetall. Dersom innhaldet av tungmetall er høgare enn fastsette grenseverdiar, kan slammet ikkje disponerast på jordbruks- eller grøntareal.

For samtlege tungmetall ligg gjennomsnittsverdien under 50 prosent av grenseverdien for disponering på jordbruksareal. Sjølv om gjennomsnittsverdiane er forholdsvis låge, vil mange anlegg oppleve at innhaldet av enkelte tungmetall i periodar vil overstige grenseverdiane, og at slammet difor ikkje kan disponerast på jordbruks- eller grøntareal.

Om statistikken
Statistisk sentralbyrå samlar årleg inn driftsdata frå kommunale og separate avløpsanlegg i samarbeid med miljøvernavdelingane i dei ulike fylka og Statens forureiningstilsyn (SFT).

Det er store variasjonar, både geografisk og over tid, i kvaliteten på det innrapporterte datamaterialet. Dei berekna nasjonale utsleppstala byggjer difor på ei rekkje føresetnader og er til dels usikre. Rapporterte tal for 1997 er justert med eit estimat for dei kommunane som ikkje har rapportert.

Frå og med 1998 skjer rapporteringa gjennom SFTs SESAM-system (System for effektiv saksbehandling i miljøvernavdelingane). Dette systemet erstattar SSB-avløp.

Indre Oslofjord omfattar kommunane Vestby, Ski, Ås, Frogn, Nesodden, Oppegård, Lørenskog, Oslo, Bærum, Asker, Røyken og Hurum. Desse kommunane bidreg i varierande grad til forureininga av dette fjordbassenget. Nordsjøfylka omfattar fylka frå Østfold (01) til Vest-Agder (10), medan resten av landet då utgjer fylka frå Rogaland (11) til Finnmark (20).

Personeiningar (PE) er summen av fastbuande personar og personekvivalentar, pe (bidrag frå industri, institusjonar og liknande omrekna til utslepp frå eit tilsvarande tal personar).

Sentralt i desse berekningane er spesifikk forureiningsproduksjon for fosfor, eller den mengda kvar person i snitt slepp ut i avløpsvatnet per døgn. Frå og med rapporteringsåret 1996 er spesifikk for-ureiningsproduksjon sett til 1,6 gram fosfor/pe/døgn.

[Figur 8]

Figur 8: Utslepp av fosfor og hydraulisk belasting fordelt på anleggstype. Heile landet. 1997


[Figur 9]

Figur 9: Utslepp1 av fosfor per PE. Heile landet. Kilo per PE. 1997


[Figur 10]

Figur 10: Disponering av slam. Heile landet. 1997


Ny statistikk
Kommunalt avløp, 1997. Utslepp og reinsing.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Statistiske analysar (SA) Naturressurser og miljø. Meir informasjon: Kjetil.Mork@ssb.no, tlf. 62 88 54 59.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 50, 1998 [an error occurred while processing this directive]