[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1998

Sjølvmeldingsstatistikk, 1997. Førebelse tal:

Kraftig auke i fortenesta ved aksjesal


Vinst ved sal av norske og utanlandske aksjar, partar i verdipapirfond og obligasjonar utgjorde til saman 11,8 milliardar kroner i 1997. Samanlikna med året før var dette ein auke på 4,3 milliardar kroner, eller 57 prosent.
I gjennomsnitt mottok kvar av dei 131 100 personane som selde sine aksjar i 1997, 90 000 kroner i vinst av aksjane. Tilsvarande tal for 1996 var 106 700 personar med ein gjennomsnittleg vinst på 70 500 kroner.

167 100 nye aksjeeigarar
Statistikken syner at det var 923 800 aksjeeigarar i 1997, eller 167 100 fleire enn i 1996. Frå 1994 og fram til 1997 har talet på aksjeeigarar auka med 312 700, eller med om lag 50 prosent. Aksjekapitalen til dei personlege aksjeeigarane har auka med 34 prosent, frå 82,3 milliardar kroner i 1996 til 110,4 milliardar i 1997.

Reduksjon i renteinntektene
I 1996 utgjorde samla aksjeutbyte for fyrste gong ein større del av kapitalinntektene enn renteinntektene. Som følgje av det låge rentenivået og stor aktivitet i aksjemarknaden, blei trenden endå meir forsterka i 1997. Samla aksjeutbyte var i 1997 på 12,9 milliardar kroner, medan renteinntektene utgjorde 7,6 milliardar.

Samla aksjeutbyte for personlege aksjeeigarar auka med 14,5 prosent. Talet på personar med aksjeutbyte auka med 11 300 personar, eller 4,3 prosent frå 1996 til 1997. Samla renteinntekter blei reduserte med 2,7 milliardar kroner eller 26 prosent, medan talet på personar med renteinntekter auka med 44 600 eller 1,4 prosent i same periode.

Høgare personleg gjeld
Talet på personar med renteutgifter auka med 2 prosent frå 1996 til 1997, medan dei totale renteutgiftene blei reduserte med 9 prosent. Gjennomsnittlege renteutgifter i 1997 var 15 800 kroner, medan gjennomsnittet var 17 900 kroner i 1996.

Tala syner vidare at samla personleg gjeld auka med 50 milliardar kroner, frå om lag 633,3 milliardar i 1996 til 682,8 milliardar i 1997. Gjennomsnittleg gjeld i 1997 for dei med gjeld, var på 320 200 kroner, medan talet var 302 700 i 1996. Det var 40 100 fleire personar med gjeld i 1997 enn året før.

Om statistikken
Sjølvmeldingsstatistikken er basert på eit situasjonsuttak frå Skattedirektoratet sitt system for Datastøtta sjølvmeldingsbehandling (DSB) etter at likninga er lagt fram. DSB-systemet inneheld grunnlagsdata frå ulike kjelder som til dømes arbeidsgjevarar, Rikstrygdeverket, bankar og forsikringsselskap, i tillegg til dei opplysningane som skattytarane gjev opp i si personlege sjølvmelding. Grunnlagsdataene for 1997 omfattar 4 552 932 personar med eit likningsforhold til Noreg. I sjølvmeldinga er formuen ført opp med likningsverdien, som vil variere med kva type formue ein har. Skattefrie inntekter kjem ikkje med i statistikken. I tabellane som syner gjennomsnittstal, er desse utarbeidde for alle busette personar 17 år og eldre per 31. desember 1997, til saman 3 437 931 personar og berre for dei med beløp på postane.

[Figur 3]

Figur 3: Renteinntekter, aksjeutbyte og vinst ved sal av aksjar. 1994-1997. Millionar kroner. Førebelse tal


Ny statistikk
Sjølvmeldingsstatistikk, 1997. Førebelse tal.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Sjølvmeldingsstatistikk. Endelege tal frå sjølvmeldingsstatistikken vert publisert i 1. kvartal 1999. Meir informasjon: Grethe.Sparby@ssb.no, tlf. 62 88 52 41, eller Ingunn.Helde@ssb.no, tlf. 62 88 51 83.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 50, 1998 [an error occurred while processing this directive]