[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1998

Produksjonsindeks for industrien, oktober 1998:

Svak nedgang i industriproduksjonen


Industriproduksjonen hadde ein svak nedgang frå september til oktober, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal, var produksjonen i indu-stri og bergverksdrift 2,3 prosent høgare i oktober 1998 enn i tilsvarande månad i fjor.
Trelast- og trevareindustrien har hatt ein klar nedgang dei tre siste månadene. Dette heng saman med mangel på råstoff og ein lågare etterspørsel. Denne utviklinga er knytt til ein nedgang i bygging av nye bustader og andre bygg gjennom 1998. Dersom ein samanliknar perioden frå august til oktober i år med mai til juli, har det vore ein nedgang på 8,4 prosent. Industri knytt til treforedling har også hatt ein klar nedgang. Her har det vore driftsstans og konkursar ved fleire aktørar. Innanfor oljeraffine-ring har det vore ein driftsstans ved eit større anlegg i delar av oktober. Industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer kan vise til ein vekst frå september til oktober. Her har det elles vore ein vekst på 16,4 prosent sidan tilsvarande månad i fjor, dersom ein samanliknar vekekorrigerte tal. Dette heng saman med dei rekordhøge investeringane til feltutbygging i Nordsjøen gjennom 1998.

Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 2,1 prosent frå september til oktober, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dersom vi samanliknar vekekorrigerte tal, har det vore ein liten auke i produksjonen av olje og gass frå september til oktober, sjølv om produksjonen i oktober var 11,3 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor. Det har vore driftsproblem ved Ekofiskfeltet i oktober. Kraftproduksjonen har auka med 13 prosent frå september til oktober.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Generelt må sesongjusterte tal frå olje- og gassutvinninga tolkast forsiktig. Dette heng saman med sesongmønsteret i denne næringa. Tal frå produksjonsindeksen gjennom 1998 er revidert og publisert på nytt i samband med indeksen for oktober. På aggregert nivå er det små endringar, men innanfor næringsmiddelindustrien er det visse endringar.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, oktober 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Tom.Langer.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 50, 1998 [an error occurred while processing this directive]