[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1998

Investeringsstatistikk. Industri, bergverksdrift og kraftforsyning, 4. kvartal 1998:

Lågare investeringar i 1999


Investeringsaktiviteten i industri, bergverksdrift og kraftforsyning blir lågare neste år, ifølgje overslaga gitt av bedriftene som deltek i investeringsundersøkinga. 1999-overslaga ligg no på 16 milliardar kroner mot 19 milliardar på same tidspunkt i fjor for 1998. Overslaga for 1998 er fortsatt høge og viser berre ein marginal nedgang frå førre rapportering.
Investeringsoverslaga for industri, bergverksdrift og kraftforsyning for 1999 viser berre ein marginal oppgang på 1,5 prosent frå førre kvartal. Normalt aukar overslaga kraftig dess nærare investeringsåret ein kjem. Auken i overslaga utgjer i absolutte tal 245 millionar kroner. Dette fordeler seg med ein oppgang på 975 millionar kroner for industrien og ein nedgang på 730 millionar for kraftforsyninga.

Innanfor industrien er det nærings- og nytingsmiddelindustri som har størst oppgang frå førre rapportering med 40 prosent. Metallindustrien har størst nedgang med 23 prosent. I forhold til 4. kvartal i fjor er metallindustri og oljeraffinering og kjemisk industri dei som har størst negativ endring, høvesvis 35 og 32 prosent. Kraftforsyninga har gjeve opp 1999-investeringar på 4,3 milliardar kroner, noko som er ein nedgang på heile 14 prosent frå førre kvartals rapportering. Den store nedgangen er eit resultat av utsetjingar på prosjekt og meir oppdaterte budsjett.

Høgt investeringsnivå for 1998
Investeringsnivået for 1998 er 16 prosent over fjoråret sitt overslag på same tidspunkt og er anslått til 22,2 milliardar. Det er det høgaste 4. kvartals-overslaget for inneværande år gjort på 1990-tallet. Nest høgaste overslag er frå 1996 på 18,9 milliardar kroner. Utviklinga i overslaga for 1999 gjer at 1998 ser ut til å bli eit eksepsjonelt år når det gjeld nivået på investeringane.

Industri og bergverksdrift gjev opp for 1998 investeringar på om lag 17,4 milliardar kroner. Dette overslaget er nivåmessig uendra frå førre kvartal og 18 prosent over same periode i fjor. Kraftforsyninga viser ein nedgang på 5 prosent til 4,8 milliardar, og det fører til at overslaga til saman viser ein liten nedgang på 1 prosent i dette året i forhold til overslaga gitt i førre kvartal.

Om statistikken
Statistikken omfattar oppgåver frå 2 100 bedrifter. Frist for innsending er den 5. i kvartalets mitre månad. Det vert innhenta verdioppgåver over utførte investeringar i førre kvartal, pårekna investeringar i inneværande kvartal, for resten av året og anslag for komande år. Oppgåvene omfattar berre nye investeringar, det vil seie at kjøp av brukte maskinar og utstyr med vidare ikkje skal takast med i oppgåva. Kjøp av bustader, tomter og vassfall omfattast heller ikkje av denne undersøkinga.

Ny statistikk
Investeringsstatistikk. Industri, bergverksdrift og kraftforsyning, 4. kvartal 1998.
Statistikken kjem ut fire gonger årleg i Ukens statistikk. Meir informasjon: Benn.Torjesen@ssb.no, tlf. 21 09 47 20.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 50, 1998 [an error occurred while processing this directive]