[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 42, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, september 1998:

Framleis endringar i byggjekostnadene


Frå august til september i år auka dei totale byggjekostnadene med 0,1 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.
Dei totale materialkostnadene steig i denne perioden med 0,2 prosent for einebustader og rekkjehus. Auken for bustadblokker var noko større, med 0,3 prosent.

Sjølv om delindeksen for røyrleggjararbeid berre auka med 0,1 prosent den siste månaden, er det likevel den som har stige mest det siste året. Frå august 1997 til august 1998 auka dei totale materialkostnadene og byggjekostnadene til denne delindeksen med om lag 4,7 og 4,3 prosent.

Dei totale byggjekostnadene gjekk i dette tidsrommet opp med 3,1 prosent for bustadblokker, 2,9 prosent for rekkjehus og 2,7 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadene steig tilsvarande med 2,8 prosent for bustadblokker, 2,3 prosent for rekkjehus og 2,1 prosent for einebustader.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistik-kar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, september 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Karin.Solbakken@ssb.no, tlf. 62 88 54 33, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 42, 1998 [an error occurred while processing this directive]