[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 42, 1998

Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands, per 15. september 1998:

Høgare pris på brenselstoff


Prisindeks for fyrstegongsomsetning innanlands steig med 0,2 prosent frå førre månad til eit nivå på 173,0 (1981=100). Auken i prisane på brenselstoffer er den viktigaste enkeltfaktoren bak prisutviklinga. I forhold til september i fjor fall prisane med 0,1 prosent i september, mot 0,5 prosent i august.
Gruppa brenselstoffer, brenselolje og elektrisk kraft steig med 1,2 prosent frå august til september. Styrkinga av prisane på råolje og raffinerte oljeprodukt var hovudårsaka til auken i gruppa. Ein medverkande årsak var at kronekursen per dollar gjekk ned med om lag 1,7 prosent. Tolvmånadersveksten for gruppa fall med 6,3 prosent.

Prisane på kjemikaliar steig med 1,0 prosent frå førre månad, og har ein tolvmånadersvekst på 2,6 prosent. I motsett retning trakk prisane på matvarer og levande dyr med eit fall på 0,4 prosent. Innanfor gruppa matvarer og levande dyr var varer, som til dømes sukker og grønsaker viktige for prisnedgangen.

Gruppert etter bruk har prisane på konsumvarer ein svak nedgang. Gruppeindeksen fall med 0,1 prosent frå august til september. Gruppa investeringsvarer synte ein svak prisoppgang på 0,1 prosent. Tolvmånadersveksten for konsumvarer var i september på 0,9 prosent og for investeringsvarer på 0,8 prosent.

Ny statistikk
Prisindeks for fystegongsomsetning innanlands, per 15. september 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Erik.Skauen@ssb.no, tlf. 21 09 48 91.

Tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 42, 1998 [an error occurred while processing this directive]