[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 42, 1998

Konsumprisindeksen, per 15. september 1998:

Moderat auke i husleigene


Gruppa bustad- og vedlikehaldsutgifter steig med 0,7 prosent frå august til september. Prisane på varer og tenester til vedlikehald av bustader viste ein sterkare auke enn husleigene.
Husleigene steig med 0,2 prosent i 3. kvartal i år. På same tid i fjor var veksten i husleigene 0,7 prosent. Leigene for bustader i bustadlag viste ein sterkare auke enn leigene for leigebustader. Husleigene målas ved ei eiga undersøking og nye tal er med i konsumprisindeksen (KPI) i mars, juni, september og desember.

Endringar i husleigene representerer i KPI prisutviklinga for bustadkonsumet til hushalda. Husleigene er blant anna påverka av rentenivået, kommunale avgifter, utgifter til vaktmeistar og forsikringar. Rundt 60 prosent av utvalet i husleigeundersøkinga omfattar hushald som eig bustaden gjennom bustadlag, og effekten av ein auke i rentene vil blant anna avhenge av kor raskt bustadlaga vedtek å sette opp husleigene. I kor stor grad bustadlaga nytter fastrente er eit anna høve som kan få verknad for leigene. Det har vist seg at det tek tid før renteendringar gir utslag i KPI. Effekten av den markante nedgangen i rentenivået i 1993, fekk først verknad i 1994 då den årlege veksten for husleiger fall til 0,6 prosent.

Prisar på varer og tenester til vedlikehald av bustaden viste ein auke frå august til september på 1,7 prosent. Utgiftene til vedlikehald har også vist ein kraftigare auke enn husleigene dei fem siste åra. Medan husleigene har hatt ein vekst på rundt 9 prosent frå september 1993 til september 1998, har utgifter til vedlikehald av bustad stige med om lag 20 prosent i same periode. Det er særleg utgifter til tenester som har stige markant i denne perioden.

Nye vekter i august
Vektene i KPI blir revidert i august kvart år på grunnlag av resultata frå den årlege forbrukarundersøkinga til Statistisk sentralbyrå. Vektene blir rekna ut som eit glidande gjennomsnitt av dei tre siste åra. For perioden frå august 1998 til juli 1999, er vektene henta frå undersøkingane frå 1995, 1996 og 1997.

Gruppene reiser og transport og bustad, lys og brensel er dei største gruppene med vektdelar på respektive 22,9 og 21,8 prosent av det totale forbruket. Nedgangen i renteutgiftene til hushalda på 1990-talet har vore ein medverkande årsak til at bustad, lys og brensel ikkje lenger er den mest dominerande utgiftsposten. Vektdelen for gruppa reiser og transport har hatt ein kraftig auke frå forrige vektperiode. Auken kjem i all hovudsak av veksten i salet av nye bilar.

Matvareutgiftene tek fortsatt ein stadig mindre del av dei totale utgiftene til hushalda. Matvareutgiftene har i perioden frå august 1998 til juli 1999 ein forbruksdel på vel 13 prosent av det totale forbruket. Møblar, hushaldsartiklar og fritidssyslar utgjer ein stadig større del av utgiftene til hushalda.

Prisauke i september
Konsumprisindeksen steig med 0,8 prosent frå 15. august til 15. september i år. I tillegg til pris-auken i gruppa bustad og vedlikehaldsutgifter, var prisoppgang på klede etter sommarsalet og auken i prisane på drift og vedlikehald av bil viktige faktorar bak utviklinga. Totalindeksen i september var 277,7.

Den harmoniserte konsumprisindeksen som blir laga for internasjonale samanlikningar av prisutviklinga, steig med 2,3 prosent frå september i fjor til september i år, etter ein auke på 0,8 prosent frå august til september. Indeksen i september var 105,0.

Om statistikken
Husleigeundersøkinga målar endringa i bustadutgiftene for leigde bustader og for bustader tilknytta bustadlag. Utgiftene for leigebustader omfattar reine husleiger. For bustader tilknytta bustadlag består husleigene av renteutgifter og avdrag på fellesgjeld, forsikringar, utgifter til reparasjon og vedlikehald (vaktmeistertenester, og så vidare) og eventuelle kommunale avgifter.

Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er eit utval på om lag 900 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytinger - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen vert henta inn frå eit utval på om lag 2200 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

Ny statistikk
Konsumprisindeksen, per 15. september 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kari-Anne.Hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Randi.Johannessen@ssb.no, tlf. 21 09 47 30.

Tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 42, 1998 [an error occurred while processing this directive]