[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 37, 1998

Produksjonsindeks for industrien, juli 1998:

Noko lågare totalindeks for industrien


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har gått ned med 1,6 prosent den siste månaden, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Dersom ein samanliknar vekekorrigert statistikk er totalindeksen 2,2 prosent lågare enn i juli 1997.
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 0,9 prosent frå juni til juli. Produksjonen var da om lag 4,5 prosent lågare enn i same månad i fjor. Det har elles vore ein auke på 3 prosent i kraftproduksjonen frå juni til juli. Produksjonen låg i juli 0,6 prosent lågare enn for eit år sidan.

Vekst i sesongjusterte tal
Produksjonen i industri og bergverksdrift har hatt ein vekst på 3,2 prosent frå juni til juli. Innanfor industrien aleine var det ein vekst på 2,7 prosent, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Sesongjusterte tal må elles tolkast forsiktig på grunn av endringar i feriemønsteret i dei seinare åra i fleire av næringane. Dersom ein ser på vekekorrigert statistikk er produksjonen i industrien berre 0,4 prosent større enn tilsvarande månad i fjor. Oljeraffinerings-, mineralprodukt-, møbel- og metallvareindustrien har hatt ein auke den siste månaden. Andre næringar som forlag og grafisk industri har hatt ein liten reduksjon i produksjonen. Trenden i industriproduksjonen peikar mot ein vekst på litt over 1 prosent for året.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, juli 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: oyvind.naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller kjell.berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 37, 1998 [an error occurred while processing this directive]