[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 35, 1998

Lege, fysioterapi og førebyggjande tenester i kommunehelsetenesta, 1997. Førebels tal:

Svekking av legetilbodet i distrikta


Talet på legeårsverk per innbyggjar (dekningsgraden) tyder på at det er blitt færre legar i dei minst sentrale kommunane. Ved årsskiftet 1997/1998 blei det utført 620 årsverk av legar i desse kommunane. Dette er om lag 30 færre årsverk enn i 1995.
Legetenesta viser ein stor grad av stabilitet i dekningsgraden for dei fleste kommunetypane, men nedgangen for dei minst sentrale kommunane dei siste åra, tyder på ei svekking av legetilbodet i distrikta. Til samanlikning auka talet på legeårsverk med 80 i perioden frå 1987 til 1995.

Det er enno for tidleg å avgjera om det skjer ei varig svekking av legetilbodet, men tidlegare undersøkingar har vist at dei minst sentrale kommunane har større vanskar enn andre kommunar med å få søkjarar til ledige stillingar. Vi veit òg at gjennomtrekken i legestillingane er eit problem i små og usentrale kommunar. Nedgangen i legeårsverk kan difor vere eit uttrykk for at vanskane med å få rekruttert legar til distrikta er blitt større dei siste åra.

Lønsvilkår og fastlegeordning
Årsakene til desse endringane kan vere mange, og vi vil peike på tre moglege forklaringar:

For det første hadde underordna sjukehuslegar i 1996 eit særs fordelaktig lønsoppgjer, noko som kan ha ført til at stillingar i allmennpraksis i distrikta relativt sett er blitt mindre attraktive.

For det andre er det kjent at legar med fast løn har relativt dårlege løns- og arbeidsvilkår samanlikna med andre legar. Difor har ordninga med fast tilsette kommunelegar blitt mindre vanleg dei siste åra, medan kommunane i aukande grad byggjer sitt legetilbod på avtaler med privatpraktiserande legar. Då det i distrikta er langt meir vanleg med fast tilsette legar, kan dette ha ført til større vanskar med å tilsetje legar i desse stillingane.

For det tredje er det frå år 2000 bestemt at det skal innførast ei ordning der alle innbyggjarane skal ha ein fast lege. Den komande reforma kan gjere det mindre attraktivt å vere allmennpraktiserande lege i små kommunar med lite befolkningsgrunnlag.

Fleire helsesystrer og fysioterapeutar
Dei siste ti åra har talet på legeårsverk i kommunehelsetenesta utanfor eldreomsorga auka med nesten 350 årsverk, medan talet på årsverk av fysioterapeutar har auka med vel 750 årsverk. I 1997 blei det uført 450 fleire helsesysterårsverk og 150 fleire årsverk av jordmødre enn ti år tidlegare.

Rekna i dekningsgrader, har veksten for dei fire yrkesgruppene under eitt vore sterkast i dei minst sentrale stroka av landet. Det er i hovudsak utviklinga for helsesystrer og fysioterapeutar som er årsak til dette. For jordmødre har veksten vore sterkast i dei sentrale kommunane, mens legetenesta altså har vore prega av stabilitet og seinare svekking av tilbodet i dei minst sentrale kommunane.

Færre får fysikalsk behandling i distrikta
For å gje eit likeverdig tilbod treng små og usentrale kommunar fleire årsverk per innbyggjar enn andre kommunar. For dei fleste offentlege tenester er det òg slik at desse kommunane faktisk har fleire årsverk. Fysioterapitenesta er eit unntak. Enno er det slik at dei sentrale kommunane har meir personellressursar enn distrikta. Difor vil ikkje busette i distrikta ha same tilgang til fysikalsk behandling som andre.

Jordmorreforma
Kommunane vart etter 1994 pålagde å gje tilbod om svangerskapskontroll ved jordmor. Ved årsskiftet 1997/1998 var det 18 prosent av kommunane som ikkje hadde tilsett jordmor. Halvparten av desse kommunane kunne likevel gje tilbod om kontroll ved jordmor gjennom interkommunale samarbeidsordningar eller samarbeid med sjukehus som har tilsette jordmødre. Sidan ordninga med obligatorisk jordmorteneste blei innført, har talet på utførte årsverk av jordmødre i kommunehelsetenesta auka frå 160 til 236 årsverk.

Om statistikken
Statistikken byggjer på årleg innsende oppgåver frå kommunane. Statistikkgrunnlaget inneheld i hovudsak informasjon om ulike yrkesgrupper i kommunehelsetenesta, deira administrative tilknyting til kommunane, og omfanget av arbeidet som vert utført i ulike deltenester. I grunnmaterialet frå kommunane vert arbeidsmengda til dei ulike yrkesgruppene gitt opp i timeverk per veke ved slutten av året. Omrekninga til årsverk vert gjort ved publisering av materialet. Den generelle regelen er at 37,5 timar per veke er eitt årsverk. Ansvaret for innhaldet i statistikkgrunnlaget er det Helsedepartementet, Helsetilsynet og Statistisk sentralbyrå som står for. Fylkeslegane spelar ei sentral rolle når det gjeld innsamling og kontroll av data.


Ny statistikk
Lege, fysioterapi og førebyggjande tenester i kommunehelsetenesta, 1997. Førebels tal.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: jon.erik.finnvold@ssb.no, tlf. 21 09 45 46.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 35, 1998 [an error occurred while processing this directive]