[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 25, 1998

Kulturstatistikk. Film og kino, 1997:

Færre går på kino


Talet på besøkjande ved dei norske kinoane har gått ned med 1,4 millionar eller knapt 12 prosent sidan 1987. Dette til trass for at talet på framsyningar har auka kraftig i tiårsperioden. Frå 1996 til 1997 sank talet på besøkjande med 5 prosent.
Det var i alt dryge 10,9 millionar besøkjande ved kinoane i 1997. Dette er i snitt 2,5 besøk per innbyggjar. Det vart halde knapt 216 000 framsyningar, med i alt 21 000 filmtitlar. Av desse var knapt 9 prosent norske titlar.

Talet på framsyningar har auka med om lag 29 prosent samanlikna med 1987, men det var ein nedgang i talet på framsyningar på knappe 2 200, eller 1 prosent, frå 1996 til 1997. I snitt var det 51 besøkjande per framsyning i 1997. Samanlikna med 1987 er dette ein nedgang på 25 besøkjande, eller om lag 33 prosent.

Det var i alt 396 kinosalar i 1997, 287 kommunale og 109 private. Bygdekinoen hadde 235 visningsstader.

Av i alt 218 sensurerte langfilmar ved Statens Filmtilsyn var 18 av desse norskproduserte. Dette er fem fleire enn i 1996.

Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1997 synte at 60 prosent hadde vore på kino dei seinaste 12 månadene. Det er liten skilnad mellom kvinner og menn, men det var dei yngste aldersgruppene som gjekk mest på kino. Aldersgruppa 16-24 år gjekk i snitt 8,8 gonger på kino og gruppa 9-15 år 5 gonger. Til samanlikning oppgav aldersgruppa 45-66 år at dei berre hadde vore på kino 1,5 gonger i løpet av dei seinaste tolv månadene.

Tabeller

Om statistikken
Statistikken over kinoar, besøk, framsyningar med meir gjev tal for dei kommunale og dei private kinoane og for den ambulerande kinoverksemda til Bygdekinoen. Materialet til statistikken er samla inn av Kommunale Kinematografers Landsforbund. Statistikken over sensurerte langfilmar er basert på oppgåver utarbeidd av Statens Filmtilsyn.

Statistikken over kinobesøk dei siste tolv månadene er henta frå Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1997. Meir detaljerte tal om nordmenn sine kinovanar finst i "Norsk mediebarometer 1997" (Statistiske analyser nr. 24).

[Figur 1]

Figur 1: Talet på besøkjande ved norske kinoar. 1987-1997


Ny statistikk
Kulturstatistikk. Film og kino, 1997.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: vera.thrane@ssb.no, tlf. 62 88 52 57, eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 25, 1998 [an error occurred while processing this directive]