[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 19, 1998

Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, 1. halvår 1998:

Kommunale og private barnehageplassar er ofte like dyre


Foreldre i Oslo med middels eller høg inntekt betaler om lag det same for ein barnehageplass om den er privat eller kommunal. Dette gjeld også i Trondheim, men her er prisnivået lågare.
For hushaldningar med middels eller høg bruttoinntekt (250 000 og 375 000 kroner) i Oslo og Trondheim, er foreldrebetalinga tilnærma lik om ein vel kommunal eller privat barnehageplass. Nivået på foreldrebetalinga er derimot ulik mellom dei to byane. I Trondheim ligg prisnivået om lag 200 kroner i månaden under nivået i Oslo.

Stavanger har eit klart høgare prisnivå for private barnehageplassar enn dei kommunale barnehagane uansett hushaldninga si inntekt. For hushaldningar med høg inntekt i Bergen, er det rimelegare å ha barn i privat enn i kommunal barnehage. For dei med middels inntekt er eigenbetaling i kommunal barnehage lågare enn i privat.

Betalingssystemet avgjer
Om lag halvparten av kommunane opererer med inntektsgraderte betalingssatsar. Det betyr at det hushaldningane tener er avgjerande for kor mykje dei skal betale for ein barnehageplass. Kommunane som nyttar inntektsgraderte satsar har ofte høge barnehagesatsar for hushaldningar med høg inntekt og tilsvarande låge satsar for dei med låg inntekt (100 000 kroner). Kommunane Oslo, Bergen og Stavanger opererer med inntektsgraderte betalingssatsar.

Motsatsen til dei inntektsgraderte satsane er "flate" satsar, som vil seie at ein betaler det same uansett kva for inntekt ein har. Dette er tilfellet i Bodø og Trondheim. Kommunar som nyttar "flate" barnehagesatsar er ofte dyre for hushaldningar med låg inntekt. Men med kombinasjonen låg inntekt og høge barnehageutgifter, kan hushaldningar i mange tilfelle koma inn under ulike rabatt-/ og friplassordningar, eller etter særskild behandling få økonomisk hjelp frå sosialkontoret. Dei private barnehagane nyttar i all hovudsak "flate" satsar.

Høgare betaling for barn under 3 år
Stadig fleire kommunar har høgare betalingssatsar for barn under 3 år. Undersøkinga viser at det er 25 kommunar som krev høgare sats for dei minste barna. I tilsvarande undersøking i 1997 var det 19 kommunar som hadde eigne satsar for barn under 3 år.

Om statistikken
Undersøkinga er halvårleg og kartlegg betalingssatsar for heildagsopphald i barnehage for hushaldningar med brutto årsinntekt på 100 000, 250 000 og 375 000 kroner. Utvalet dekkjer 109 kommunar, det vil seie Oslo og seks kommunar frå kvart av dei 18 andre fylka i landet. Private barnehagar er inndelte etter område, der Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø med omland er nytta. Private barnehagar er utan kommunal støtte.

[Figur 1]

Figur 1: Betaling per månad for eitt barn, etter region, barnehagetype og hushaldninga si samla brutto årsinntekt. Januar 1998. Kroner


Ny statistikk

Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, 1. halvår 1998.
Statistikken utgis i mai og november kvart år i Ukens statistikk. Undersøkinga blir gjennomført for Barne- og familiedepartementet. Meir informasjon og e-post: kari-anne.hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Frode.bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27.

Ukens statistikk nr. 19, 1998 [an error occurred while processing this directive]